Norsk geologisk forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk geologisk forening driv populærvitskapleg formidling av geologi. Det vart skipa 18. februar 1905 i Kristiania. Det har som føremål å medverke til utvikling av geologisk kunnskap i Noreg. Dei gjev ut Norwegian Journal of Geology (tidlegare Norsk Geologisk Tidsskrift), det populærvitskaplege GEO (Geonytt) og nettavisa GEO Aktuelt.

Samskipnaden har kring 1300 medlemmer (2005) fordelt på lokalavdelingar i Bergen, Oslo, Stavanger, Trondheim og Tromsø. Samskipnaden representerer Noreg i internasjonalt geologisk samarbeid og arrangerer landsmøter annakvart år. Generalsekretariat er i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]