Norsk institutt for luftforskning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk institutt for luftforskning

NILU, Norsk institutt for luftforskning, på Kjeller.
Org.formStiftelse
Org.nr.941705561
Skipa1969
HovudkontorKjeller
LandNoreg[1]
Nettstadhttps://www.nilu.no/ (norsk), https://www.nilu.com/ (engelsk)

Norsk institutt for luftforskning (NILU) er eit uavhengig forskingsinstitutt som arbeider på prosjektbasis og som mottek ei grunnløyving frå Miljøverndepartementet for å ivareta nasjonale oppgåver om spørsmål relaterte til luftkvalitet. NILU spelar såleis ei sentral rolle i det overvakande og førebyggjande miljøvernarbeidet og har kunnskapsstrategisk betyding for miljøvernforvaltinga.

NILU vart grunnlagt i 1969, og er eit av dei leiande forskingsmiljøa og vitskapelege laboratoria i Europa som arbeider med problem relaterte til luftforureining.

Hovudkontoret til NILU ligg på Kjeller utanfor Oslo. NILU har også ei avdeling i Polarmiljøsenteret i Tromsø, denne har Barentsregionen og Arktis som sitt spesialområde.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

NILU utfører miljøforsking med tyngdepunkt på kjeldene til luftforureining, atmosfærisk transport og omdanning og avsetjing av luftforureining. NILU føretek også vurdering av verknadane som forureiningar har på økosystem, helse og materialar. Overvakinga av langtransporterte luftforureiningar, sur nedbør og global luftkvalitet er også viktige oppgåver.

NILU har både nasjonale og internasjonale kundar, og har mange oppdrag som tilretteleggjar av internasjonale miljøprosjekt. Eit døme på dette er EMEP, eit fellesprogram for overvaking og vurdering av langtransporterte luftforureiningar i Europa. Her har NILU sidan 1977 hatt ansvaret for å tilrå målemetodar, samla inn og bearbeida data. NILU er også ein av fire samarbeidande institusjonane i «Temasenter for luftkvalitet» under Det europeiske miljøvernbyrået (EEA). NILU spelar ei leiande internasjonal rolle i å samla inn, lagra og stilla til rådvelde måledata frå atmosfærisk forsking og måleprogram. Som ansvarleg for internasjonale databasar, mottek NILU difor data frå dei fleste landa i Europa.

Ekspertisen til NILU har i tillegg til oppgåvene som eit nasjonalt forskingsinstitutt for luftforureining i Noreg, også vorte bruka som eit internasjonalt ekspertorgan på luftforureining av Verdsbanken, The Asian Development Bank (Den asiatiske utviklingsbanken) og Verdas Helseorganisasjon (WHO).

Som spesialist på levering av system for måling av luftforureiningar og overvaking av luftkvalitet har NILU også utvikla eit automatisk overvakingsprogram for luftkvalitet i byar og urbane område. Systemet som er kalla AirQUIS, er eit dataverktøy som gjer det mogeleg for styresmakter å overvaka, planleggja og vurdera luftkvaliteten og setja i verk tiltak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 52985, Wikidata Q7061260