Norsk internasjonalt skipsregister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk internasjonalt skipsregister (forkorta NIS) vart oppretta i 1987 og er eit skipsregister som skal sikra rettsvern til registrerte rettar i norske skip og vera eit ledd i den offentlege kontrollen med skip og eigartilhøvet på skip. Skipsregistrene NIS/NOR er eit eige forvaltingsorgan underlagt til Nærings- og handelsdepartementet, med kontor i Bergen.

Erling Dekke Næss var den første som tok til orde for skipinga av eit norsk internasjonalt skipsregister og markerte seg som ein sterk forkjempar for denne saka. Hovudføremålet med skipinga av NIS var å sikra at norskeigde skip vart registrert under norsk flagg, betre konkurransevilkåra for norskregistrerte skip i utanriksfart og dessutan å oppretthalde sysselsetjing av norske sjøfolk. Ved etableringa av NIS vart det opna for bruk av utanlandsk mannskap på lønsvilkåret til heimlandet.[1]

Skip som er registrert i NIS seglar under norsk flagg og er undergitt norsk jurisdiksjon. Norsk skipslovgiving gjeld for skip registrert i NIS med visse unntak. Det er ikkje krav til at eigarselskapet er etablert i Noreg, men teknisk eller kommersiell drift av skipa må skje frå Noreg.[2] Skip registrert i NIS vert ikkje tillate å føra last eller passasjar mellom norske hamner eller å gå i fast rute mellom norsk og utanlandsk hamn. I september 2003 var det 28 NIS-skip som hadde dispensasjon for å gå i norsk innanriksfart.[1]

Passasjerskip og lasteskip, luftputefartøy, boreplattformer og andre flyttbare innretningar kan registrerast i NIS. Fiskefartøy kan ikkje registrerast.[2]

NIS bestod av 625 skip i 2019[3], mot 637 skip i 2006.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]