Norsk kulturråds ærespris
Hopp til navigering
Hopp til søk
Norsk kulturråds ærespris vert årleg utdelt av Norsk kulturråd til ein person som har «gjort ein innsats av vesentleg tyding for norsk kunst- og kulturliv». Prisen vert tildelt, utan forutgåande nominasjon eller sakshandsaming, av rådsmedlemene («styret») i lukka møte. Det vert tradisjonelt ikkje gjeve noka grunngjeving for tildelinga.
Prisen består av eit pengebeløp (ifylgje nettsidene til Norsk kulturråd pålydande 500 000 kroner). I høve 30-årsjubiléet til Norsk kulturråd i desember 1994 vart det etablert ein ny praksis med ein ærespris-statuett; ei bronseløve formgjeven av bilethoggaren Elena Engelsen.
Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]
- 1968 – Frits von der Lippe, den fyrste sjefen i Riksteateret
- 1969 – Hans Peter L'Orange, professor i klassisk arkeologi
- 1970 – Alf Prøysen, forfattar og artist
- 1971 – Alf Rolfsen, målar
- 1972 – Klaus Egge, komponist
- 1973 – Hans Heiberg, forfattar, dåverande leiar i Den norske Forfatterforening og sjef for NRK Radioteatret
- 1974 – Hans J. Henriksen, samisk språkforkjempar
- 1975 – Ingeborg Refling Hagen, forfattar og kulturarbeidar gjennom Suttung-rørsla
- 1976 – Sigbjørn Bernhoft Osa, folkemusikkutøvar og -formidlar
- 1977 – Ella Hval, skodespelar og organisasjonsleiar
- 1978 – Olav Dalgard, filmregissør og -kritikar
- 1979 – Harald Sæverud, komponist
- 1980 – Sonja Hagemann, barnelitteraturhistorikar
- 1981 – Erling Stordahl, handikapidrettspionér
- 1982 – Halldis Moren Vesaas, forfattar og kulturarbeidar
- 1983 – Sigmund Skard, professor og bakmann i nynorsk organisasjonsarbeid
- 1984 – Helge Sivertsen, tidlegare kyrkje- og undervisningsminister
- 1985 – Lars Brandstrup, gallerigründar
- 1986 – Helge Ingstad, forfattar, polarhistorikar, eventyrar
- 1987 – Nils Johan Rud, forfattar, mentor, redaktør av Arbeidermagasinet
- 1988 – Arne Skouen, filmregissør
- 1989 – Espen Skjønberg, skodespelar
- 1990 – Arne Nordheim, komponist
- 1991 – Synnøve Anker Aurdal, tekstilkunstnar
- 1992 – Iver Jåks, biletkunstnar
- 1993 – Erik Bye, journalist, forfattar, artist
- 1994 – Anne-Cath. Vestly, barnebokforfattar
- 1995 – Ole Henrik Moe, museumsdirektør, pianist
- 1996 – Arve Tellefsen, fiolinist
- 1997 – Liv Ullmann, skodespelar, regissør
- 1998 – Sverre Fehn, arkitekt
- 1999 – Finn Carling, forfattar
- 2000 – Anne Brown, songar
- 2001 – Kjartan Slettemark, biletkunstnar
- 2002 – Edith Roger, regissør
- 2003 – Jon Fosse, forfattar, dramatikar
- 2004 – Jan Garbarek, jazzsaksofonist, komponist
- 2005 – Agnes Buen Garnås, folkemusikar
- 2006 – Bruno Oldani, grafisk designer
- 2007 – Jon Eikemo, skodespelar
- 2008 – Solveig Kringlebotn, songar
- 2009 – Mari Boine, songar
- 2010 – Tor Åge Bringsværd, forfattar
- 2011 – Inger Sitter, biletkunstnar
- 2012 – Soon-Mi Chung og Stephan Barratt-Due, musikarar og musikkpedagogar
- 2013 – Anne Borg, ballettsjef
- 2014 – Jan Erik Vold, lyrikar, omsetjar, formidlar og samfunnsdebattant. [1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på «Norsk kulturråds ærespris» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2009.
- Store Norske Leksikon om Norsk kulturråd
- Norsk kulturråd sine nettsider om prisen