Norsk mat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Norsk mat» på Fagernes hotell servert i eit bord dekorert som eit vikingskip.
Blandaball, avkokt klippfisk, gulrot, kålrot, bacon, blåskjell og potet servert i Kristiansund.
Foto: Arnstein Rønning

Norsk mat er tradisjonelt mat og drikke som byggjer på lokale matvarer frå landbruk, fangst og fiske. Mange tradisjonelle retter ber preg av konservering, som var nødvendig for å ha tilgang på mat gjennom heile året. Matkulturen er også blitt påverka frå utlandet, og i tråd med industralisering og globalisering er fleire nye varer og rettar blitt vanlege.

Nokre typiske eldre norske middagsretter er kjøtkaker, fiskekaker, komle og pylse, ofte med potet til. Langs kysten og i Nord-Noreg blir det også ete mykje fisk som torsk, sei og laks. I nyare tid er pasta, pizza og taco blitt utbreidde. Tradisjonelt har ein ete flate brød, som flatbrød, lefse, lompe og svele, men i nyare tid er gjærbakst som brødskiver, bollar og rundstykke blitt meir vanlege.

Typiske måltid[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å eta tre eller fire måltid i Noreg, typisk ein kald frukost, ein kald eller varm lunsj, varm middag og eventuelt ein kald kveldsmat.

Frukost kan vera smørbrød med pålegg som ost, syltetøy eller kjøtpålegg. Frukostblanding og jogurt er også vanlege. Til frukost kan ein drikka kaffi, te, jus eller mjølk.

Lunsj eller føremiddagsmat blir ofte teke med i matpakke og kan igjen vera brødskiver med ulike pålegg.

Middag blir gjerne ete rundt 4-5-tida og er som regel eit varmt familiemåltid. Tradisjonelle middagsretter består gjerne av kjøt eller fisk med poteter til. Dei kan også vera supper eller gryteretter som fiskesuppe eller lapskaus. I nyare tid er det blitt vanleg med matinspirasjon og matvarer frå heile verda, og middagsretter med til dømes pasta, ris eller tortilla til.

Kveldsmat nokre timar seinare kan igjen vera smørbrød.

Norsk tradisjonsmat[endre | endre wikiteksten]

Spekemat på eit fat.

Festmat[endre | endre wikiteksten]

I Hardanger serverer ein gjerne hakkasteik som nattmat i bryllap. Retten er då gjerne kjend som brurasteik.

Julemat[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå julemat.

Norsk julemat kjem litt an på geografisk og slektsmessig tilhøyre. I Trøndelag og på Austlandet er svineribbe tradisjonsrikt, medan ein på Vestlandet gjerne et pinnekjøt til jul. Ande tradisjonelle juleretter er rakfisk, lutefisk, medisterkaker og torsk.

Seterkost[endre | endre wikiteksten]

Mat som byggjer på norsk setertradisjon er gjerne spekekjøt som ein et med flatbrød og rømme. Det kan omfatta kjøt som fenalår, morrpølse og spekepølse og mjølkeprodukt som rømmegraut, rømmekolle og gomme

Mattypar[endre | endre wikiteksten]

Brød[endre | endre wikiteksten]

Norsk kone laget eit flatt brød i 1910-åra. Foto frå National Geographic.

Brød har lenge vore ein viktig del av norsk kosthald. 80 % av nordmenn et brød jamnleg, som regel i form av smørbrød til frukost og lunsj.[1] Flatbrød er ein eldre, flat og sprø brødtype som framleis blir eten til visse måltid. Lefse er eit mjukt, flatt brød som ein gjerne et med smør og sukker som også framleis er populær.

Brød blir gjerne kjøpt i supermarknader som pleier å ha eit rikt utval av heva brødslag som grovbrød, kneipp, loff og surdeigsbrød. Brød er gjerne laga av kveite og rug, med havre som eit mogleg anna kornslag. Frø, nøtter og andre smaks- og teksturgjevande ingrediensar kan også tilsetjast brøda.

Ost[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle norske ostar og osteliknande produkt er gammalost, brunost, pultost, nøkkelost og prim. Gulost er ein populær, noko nyare ostetype, og jarlsbergost er blitt eit norsk eksportprodukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SIFO (National Institute for Consumer Research) Nordmenns brød- og kornvaner -i stabilitet og endring. Page 3, 2008