Norsk morfologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk morfologi er morfologien, dvs. bøyingslæra og avleiingslæra til norsk.

Bøying[endre | endre wikiteksten]

Norsk er eit språk med relativt lite bøying.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Norske substantiv blir bøygd i bestemtheit og numerus.

Som i dei fleste andre indoeuropeiske språka er substantiva i norsk delt inn i bøyingsklasser.

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Norske adjektiv blir bøygd i grad (fin – finare – finast) og genus. Med unntak av liten (lita, lite) er opposisjonen mellom maskulinum og femininum nøytralisert, og berre nøytrumsforma er avvikande. Dette gjeld berre for adjektiv i positiv ubestemt eintal, gradbøygde adjektiv, og adjektiv i fleirtal og/eller bestemt form (finare, finast, finaste, fine) har ikkje genusbøying.

Adjektiva blir bøygd i bestemtheit og numerus, som substantiv. Dei skil seg likevel frå kvarandre ved at dei ved substantiva er inherente kategoriar, der adjektiva rettar seg etter substantivet. Eksponentane for dei ulike trekka i kvar kategori er også heilt ulike dei eksponentane vi finn innanfor substantivbøyinga. Fleirtal blir uttrykt med -e for adjektiva men med m.a. -ar/er for substantiva (gule bilar).

Verb[endre | endre wikiteksten]

Regelmessige norske verb har sju bøyingsformer, med verbet leve som døme er det formene i tabellen nedanfor:

Verbformer
Finitte former Infinitte former
Indikativ Optativ Imperativ Substantivisk Adjektiviske (partisipp)
Presens Preteritum Infinitiv Imperfektiv Perfektiv
lever levde leve lev leve levande levd

Dei infinitte formene opptrer på same måten som substantiv og verb i setningar:

  • Livet/Å sykle er lett. (substantiv/infinitiv)
  • Det var ein tung/rullande/kasta stein (adjektiv/partisipp)

I skolegrammatikken blir den imperfektive partisippen kalla «presens partisipp», men setningar som Han kom syklande viser at karakteristisk for dei heller er at dei karakteriserer ei uavslutta handling.

Presens- og preteritumsformene kan kombinerast med dei infinitte verbformene infinitiv og/eller partisipp for å lage samansette verbal. Nokre døme går fram av tabellen nedanfor.

Tyding Indikativformer (Infinitiv) (Partisipp)
Notid går
Fortid gjekk
Framtid skal
Førframtid skulle
Avslutta framtid har gått
Avslutta førframtid skulle ha gått

Verb kan delast i ulike bøyingstypar, i svake og sterke, etter om dei dannar preteritum med suffiks eller ikkje. Svake verb dannar preteritum med suffiksa -a eller -te/-(d)de, fordelinga dei i mellom er avhengig av fonologiske eigenskapar ved stammen. Einstava stammar (å nå) har suffikset -dde, stammar med trykk på siste staving og tonelag 1 (å reparere) har suffikset -te, det same har stammar med visse fonologiske strukturar. Alle andre verb dannar preteritum med -a.

Eldre versjonar av skolegrammatikken sette opp eit anna system. Samanliknar vi dei to systema, får vi dette biletet:

Namn

Døme

FØR NO

FRAMOVER

ATTENDE

Eldre termar

Presens

reiser

-

-

-

Preteritum

reiste

+

-

-

Presens perfektum

har reist

-

-

+

Perfektum

Preteritum perfektum

hadde reist

+

-

+

pluskvamperfektum

Presens futurum

skal reise

-

+

-

1. Futurum

Preteritum futurum

skulle reise

+

+

-

1. kondisjonalis

Presens futurum perfektum

skal ha reist

-

+

+

2. Futurum

Preteritum futurum perfektum

skulle ha reist

+

+

+

2. kondisjonalis

Språkrådet tilrår bruk av dei nye termane i kolonnen til venstre i staden for dei tradisjonelle i skolesamanheng, jf. Språkrådets framlegg til grammatiske termar.

Norske verb kan også delast inn i hovudverb og hjelpeverb. Hjelpeverba er ei lukka klasse av verb som blir brukt dels til å lage samansette tidsformer som i tabellen ovanfor (skulle og ha er hjelpeverba der), og dels til å markere talaren si innstilling til innhaldet i setninga (Vi må gå no). Syntaktisk skil hjelpeverba seg frå andre verb ved at dei tar infinitivar kom komplement utan infinitivsmerke, jf. Vi prøver å gå no, der prøver, til skilnad frå , ikkje er eit hjelpeverb.

Lukka ordklasser i norsk[endre | endre wikiteksten]

Artiklane adverb, determinativ, interjeksjon, konjunksjon, preposisjon, pronomen, subjunksjon inneheld alle drøftingar av desse ordklassene i norsk.


Litteratur[endre | endre wikiteksten]