Birdlife Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birdlife Norge
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer970089748
Skipa8. mai 1957
HovudkontorTrondheim
TenesterVår Fuglefauna, Fuglevennen, Ornis Norvegica
Tilsette12 Sjå dette på Wikidata
Medlemmer12 500
Nettstadhttps://birdlife.no Sjå dette på Wikidata

BirdLife Norge, fram til 2021 Norsk Ornitologisk Forening (NOF), er ein ideell samskipnad stifta i 1957[1] med viktigaste oppgåve å syte for vern av fuglar. Samskipnaden arbeider for vern av naturen, særleg fuglefaunaen, og for å fremme interessa for og betre kunnskapen om fuglar, samt å stimulere til ulike ornitologiske aktivitetar. Han er òg eit bindeledd mellom fugleinteresserte i Noreg. Samskipnaden arrangerer turar og foredrag.

NOF er organisert med fylkesvise avdelingar som igjen er delt inn i lokallag med ansvar for lokal drift.

Frå 1992 har NOF hatt partnarskap med den internasjonale alliansen av søstersamskipnadar, Birdlife International.

NOF er ein av 5 organisasjonar som samarbeider med Artsdatabanken om å drive Artsobservasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om BirdLife Norge - BirdLife Norge», www.birdlife.no, henta 19. april 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]