Petroleumsverksemda i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk petroleumsverksemd)
Hopp til navigering Hopp til søk
Statfjord A-plattforma samankopla med flotellet Polymariner i 1982. Foto: Jarle Vines
Utvikling av oljeutvinning på norsk kontinentalsokkel, splitta opp på oljefelt. Grafen er basert på data frå Oljedirektoratet[1]
Produksjon av olje og olje+gass på norsk sokkel frå oppstarten i 1971. Grafen er basert på data frå Oljedirektoratet[1]

Petroleumsverksemda i Noreg har sidan 1980-talet vore den mest inntektsgjevande næringa for den norske staten. Statens inntekter frå denne verksemda kjem hovudsakleg inn på to måtar: gjennom skattar og avgifter, og ved sal av olje og naturgass som staten sjølv eig. Dessutan har næringa ringverknader for andre næringar som yter tenester til oljeindustrien, som t.d. forsking, teknologiutvikling og logistikk. Oljeindustrien har au miljømessige konsekvensar ved at ein stor del av CO2- og NOX-utsleppa i landet skjer frå produksjonsinnretningane på norsk sokkel.

Alle tal for norske oljereservar i denne artikkelen er baserte på offentlege tal fra Oljedirektoratet og gjeld per 1. januar 2006.[2]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Vi kan skilje mellom fire hovudfasar i petroleumsverksemda si historie:

Fram til 1961 var oljeindustrien liten i Noreg. Det fanst eit mindre oljeraffineri i landet. Det var kjent som Vallø oljeraffineri, var drive av det amerikanske selskapet Esso, og låg på Valløy nær Tønsberg i Vestfold. Raffineriet var i drift frå 1905 til 1993 med eit avbrekk frå 1945 til 1950 på grunn av krigsøydeleggingar. Det er uklart kor stor del av den norske marknaden som vart dekt av produksjonen der. Raffineriet hadde ein årleg kapasitet på 110 000 tonn råolje i 1959.[3] Truleg vart delar av marknaden for petroleumsprodukt dekt av import, og andre oljeselskap enn Esso var reine marknadsførings-, distribusjons- og salsorganisasjonar.

Frå 1961 vart det igangsett eit nytt raffineri ved Tønsberg med langt større kapasitet, det au drive av Esso. Frå da av fanst det ein monaleg petroleumsrelatert produksjon i Noreg basert på importerte råvarer. Raffineriet kom nesten samtidig med at privatbilismen tok til å auke i Noreg etter at bilsalet vart fritt frå 1960. Det nye raffineriet kom derfor au til å dekkje ein aukande etterspørsel etter bilbensin.

Ein fase for undersøkingar starta få år etter. Tidleg på 60-talet vart det kjent at det var gjort eit stort naturgassfunn i Groningen i Nederland i 1959. Det var au påvist gass utanfor søraustkysten av England. I 1962 gjorde oljeselskapet Phillips Petroleum nye vurderingar av geologien under Nordsjøen ut frå det som var kjent informasjon om bl.a. Groningen.

Tidlege vitskaplege undersøkingar vart gjort med magnetometriske målingar over sjøområda. Målingane kan gjerast frå fly utan at styresmakter er informerte. Normalt vil eit oljeselskap sitja på positive indikasjonar frå magnetometriske målingar før dei ønskjer å investere i seismikk som er meir kostbare og meir nøyaktige vitskaplege undersøkingar.

Seinare i 1962 bad Phillips Petroleum norske styresmakter om løyve til å starte innsamling av seismiske data frå sjøområda. I mai 1963 fekk Noreg ei lov som fastsette staten sin eigedomsrett til kontinentalsokkelen og ressursane der. Kongen i statsråd gjev løyve til leiting og utvinning av ressurser på og under havbotnen, men det juridiske regelverket kom først i 1965 og da fekk Phillips au leigeavtale på fleire område i 1. konsesjonsrunde.

Leiting kom formelt i gang i 1966 med prøveboringar frå leiterigger i Nordsjøen. Den aller første boringa vart sett i gang den 19. juli 1966 av operatøren Esso i blokk 8/3 frå boreplattforma «Ocean Traveler». Brønnen var tørr, men den andre boringa til Esso vart utført i blokk 25/11 og gav indikasjon på petroleum utan at det vart rekna som kommersielt interessant. Seinare vart dette rekna som funnbrønn for Balderfeltet. Phillips gjorde au eit mindre funn i den andre boringa si i det som seinare skulle vise seg å bli det litle Codfeltet.

Den 10. juni 1968 viste norske aviser bilete av «Ocean Viking» som fakla gass på det kommande Codfeltet, og ein større optimisme vart skapt hjå alle som følgde med i verksemda. Det skulle likevel bli utført 38 boringar på norsk sokkel før det første drivverdige funnet av petroleumsforekomst vart konstatert 23-24. desember 1969 frå riggen «Ocean Viking». Her var Phillips operatør av blokk 2/4, og funnet skulle seinare bli ein del av Ekofiskfeltet. Da omfanget av funnet vart kjent, vart det i dei kommande åra vist ei sterk interesse frå oljeselskapa for å leite i norske område.

Ein siste fase i petroleumsverksemda si historie starta i 1971 da norskprodusert råolje gjekk til raffinering og landet vart sjølvforsynt frå 1975. Alle oljeselskap med marknadsføringsorganisasjonar i Noreg dreiv frå no av aktivt med undersøkingar, leiting eller au produksjon av råolje og/eller gass på norsk kontinentalsokkel. Utover 70- og 80-talet vart dei største felta oppdaga, utforska og vedtekne utbygde i raskt tempo: Statfjord, funne i 1974, godkjent utbygd i 1976, produksjonsstart i 1979, Troll gass funne i 1979, godkjent utbygd i 1986, produksjonsstart i 1990, Oseberg funne i 1979, godkjent i 1984, produksjonsstart i 1986 og Gullfaks funne i 1978, godkjent i 1981 og produksjonsstart i 1986.

Dei store ulykkene kom au på 70- og 80-talet. Dei mest kjende er: «Alexander L. Kielland»-ulykka, 3 helikopterstyrtar med tap av 34 liv, dykkarulykker med 14 dødsfall og 2 brannar med tap av 8 liv.

Det høyrer med til det historiske biletet at den første prøveboringa etter olje på norsk område ikkje skjedde i Nordsjøen, men på Svalbard. Selskapet Caltex stod for den aller første brønnen i 1965. Seinare har blant anna Norsk Hydro utført boringar på Svalbard utan at noko interessant er funne.

Den offentlege forvaltninga[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene sine viktigaste reiskapar i den offentlege forvaltninga av petroleumsressursane i dag er

  • Oljedirektoratet (OD), som regulerer petroleumsverksemda i landet slik at ressursane blir forvalta best mogleg med minimale miljømessige konsekvensar.
  • Petroleumstilsynet, som ivaretek tilsynsoppgåvene i industrien med ansvar for sikkerheit, beredskap og arbeidsmiljø.
  • Statoil, som tidlegare var ein del av den offentlege forvaltninga ved at dei forvalta statens direkte økonomiske engasjement (SDØE). Statoil har frå 2001 einerett til å selje statens råolje og gass ut av Noreg på vegner av staten.
  • SDØE-forvaltninga, som er overteken av Petoro, effektivt frå 2001.
  • Statsaksjeselskapet Gassco, som er operatør for gassrøyrsystema som eksporterer norsk gass til Europa.

Olje[endre | endre wikiteksten]

Dei totale utvinnbare oljereservane] på norsk sokkel er rekna for å vera ca 4250 millionar standardkubikkmeter - mill S, tilsvarande 26,7 milliardar fat. Dette talet endrar seg etter kvart som nye felt blir funne og erklærte kommersielle, og når utvinningsgraden i eksisterande felt blir auka som følgje av teknologi- og feltutviklinga. Totalt er det om lag 50 store og små oljefelt i produksjon eller under utbygging. Dei største er Statfjordfeltet (566), Ekofiskfeltet (533), Osebergfeltet (355), Gullfaksfeltet (355), Snorrefeltet (234) og Trollfeltet (238). Tal i parentes er totale utvinnbare reservar i mill Sm³. I tillegg er 9 oljefelt allereie ferdig produserte.

I ei oversikt over land med dei største råoljereservane er Noreg plassert på ein 17. plass. Saudi Arabia har verdas største oljereservar, kvantifisert til 263 milliardar fat. Eller om lag 25 gonger Noreg sine gjenverande reservar.

Uttak av norske oljereservar[endre | endre wikiteksten]

Den norske oljeproduksjonen nådde ein topp i år 2000 med ein årsproduksjon på 181 millionar Sm³, og har sidan vist ein nedadgåande tendens. Av dei opphavlege totale norske oljereservane på ca 26,7 milliardar fat er ca 19 milliardar fat allereie tekne ut. I den nemnde oversikta er det indikert kor mange år det er til reserven er tom. Her kjem Noreg på botnen blant land med størst reservar. Berre Storbritannia har større prosentvise uttak enn Noreg, men med monaleg mindre reservar. Det norske uttaket i 2005 var ca 13,9 % av gjenverande reservar ved starten av året. Fleire av dei store oljefelta går mot slutten. Spesielt gjeld det Statfjordfeltet, der berre 3,3 % av olja gjenstår å produsere.

Gass[endre | endre wikiteksten]

Dei totale utvinnbare gassreservane på norsk sokkel er rekna som ca 3400 milliardar Sm³. Dette talet endrar seg etter kvart som nye naturgassfelt blir erklært kommersielle, og når utvinningsgraden blir auka. Dei fleste felta som produserer gass produserer olje au. Totalt er det 56 store og små gassfelt i produksjon eller under utbygging, av desse er 8 reine gassfelt. Dei største gassfelt er Trollfeltet, Ormen Lange-feltet, Åsgardfeltet, Ekofiskfeltet og Snøkvitfeltet. I tillegg er 4 gassfelt allereie ferdig produserte - det mest kjende er Friggfeltet. Trollgass er ofte kalla ein gigant i verdsmålestokk au. I norsk samanheng skil det seg ut ved å halde heile 40 % av dei samla norske reservane.

Uttak av norske gassreservar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon av gass på norsk sokkel har vore stigande, og var i 2005 på 85 mrd Sm³ netto, tilsvarande ein uttaksrate på 3,5 %. Brutto produksjon er langt større. Ein stor del av gassen som blir produsert blir pressa ned i undergrunnen for å skape trykk til å produsere meir olje. I tillegg har naturgass vorte bruka som energikjelde i kraftverk for å produsere elektrisitet på installasjonane. Anna gass blir seld gjennom røyrtransportsystem. Tal frå år 2000 illustrerer tilhøvet mellom nettovolum og bruttovolum naturgassproduksjon: netto produksjon 50 mrd Sm³, brutto produksjon 90 mrd Sm³, av det vart ca 3 mrd Sm³ brent i gassturbinar.

Utnyttingsgrad[endre | endre wikiteksten]

Transportsystem og røyrleidninger[endre | endre wikiteksten]

Miljø- og risikotilhøve[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av CO2-utsleppa i Noreg skjer frå norsk sokkel. I 2005 utgjorde utsleppa frå oljeindustrien sine anlegg ca 14,5 millionar tonn CO2 eller ca 30 % av alt CO2-utslepp i Noreg, og andelen har vore aukande. Industrien står dessutan for ca. 62 000 tonn årlege NOX(nitrogenoksid) -utslepp eller om lag 25 % av alle NOX-utslepp. Det meste av slike utslepp kjem frå gassbrenning i turbinar. Boring og produksjon medfører au utslepp av forureina vatn og kjemikalie i sjøen. 99 % av desse utsleppa blir rekna for å vera ufarlege, resten blir rekna for å ha svært alvorlege miljøkonsekvensar med ukjende langtidsverknader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]