Norsk planleggingshistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cicignons plan for Trondheim etter bybrannen i 1681
Sverre Pedersens byplan for Trondheim frå 1912 viser rutenettmønster i dei eldre bydelane og mjukare regulering i nyare område

Norsk planleggingshistorie har ein politisk og ein fagleg dimensjon som grip i kvarandre. Den politiske utviklinga går frå liberalisme til sterkare politisk styring og bygging av velferdsstaten, særleg etter andre verdskrigen, og vidare til nyliberalisme frå rundt 1980. Den faglege utviklinga går frå tidleg byplanlegging til den omfattande samfunnsplanlegginga me har i dag.

Politisk og fagleg utvikling[endre | endre wikiteksten]

Frå det i hovudsak førindustrielle samfunnet førte teknisk utvikling, industrialisering og byvekst til store endringar og krav om større politisk ansvar for folks livsvilkår. Med arbeidarrørslas framvekst blei liberalismen avløyst av sosialdemokratiet. I løpet av krigsåra og ved Fellesprogrammet til stortingsvalet i 1945 viste dei politiske partia samla vilje til velstands– og velferdsutvikling og eit utvida syn på statens og kommunanes rolle og oppgåver.

Etter gjenreisinga var industrialisering og velferdsutvikling langsiktige strategiar i moderniseringa av landet, og planlegging blei ein viktig reiskap i politikken. Partia var i hovudsak samde, me fekk den sosialdemokratiske orden som varte fram til utpå 1970-talet. Etter det har nyliberalismen reist spørsmål som utfordrar planlegginga. I kor stor grad og korleis skal det offentlege styre i forhold til private interesser, og kva oppgåver skal det offentlege ta ansvaret for?

Den faglege utviklinga har utspring i tidleg fysisk planlegging i byar og nokre tettstader, med vekt på helse- og buforhold, kommunikasjonar og brannvern. I mellomkrigstida kom dei fyrste tilløpa til fysisk oversiktsplanlegging for å få kontroll med større område, og etter krigen voks økonomisk planlegging fram som statleg stimulator og styringsreiskap. Offiserar med teknisk kompetanse stod for den tidlege byplanlegginga, og frå rundt 1900 var arkitektar og ingeniørar dominerande. Juristar kom òg med etter kvart som regelverket blei viktigare, og seinare økonomar, geografar og andre faggrupper. Kunnskapsgrunnlag og inspirasjon blei henta gjennom samkvem med kollegaer i andre land. Etter andre verdskrigen var særleg England og Sverige forbilde for oss.

Økonomisk planlegging kan sporast tilbake til 1930-talet, og blei utvikla etter krigen som reiskap i velferds- og distriktspolitikken. Den framveksande økonomiske planlegginga og fysisk planlegging kom gradvis nærmare kvarandre, med fysisk-økonomisk oversiktsplanlegging og planleggingsplikt i alle kommunar og nokre regionar frå 1960-talet, og seinare i fylka. Økonomisk planlegging kom frå overordna nivå, mens den fysiske planlegginga hadde bakgrunn i det lokale nivået gjennom byplantradisjonen. Etter kvart omhandlar planlegging alle sider ved samfunnsutviklinga, og mange fagfolk med ulike fagbakgrunnar er med i planarbeidet.

Tidleg byplanlegging[endre | endre wikiteksten]

Alt Magnus Lagabøtes bylov frå 1276 hadde reglar om blant anna gatebreidder, torg og plassering av enkelte funksjonar. På 1600- og 1700-talet fekk nokre byar, for eksempel Oslo, Trondheim og Kristiansand, byplanar som fekk mykje å seie for utforminga. Cicignons plan for Trondheim etter bybrannen i 1681 er eitt eksempel. Planen fylgde eit rutenettmønster med breie gater, aksar med fondmotiv, og plassar, etter ideal frå renessansen og barokken, men dei gamle, smale veitene blei verande som ein finmaska gatestruktur.

Dei fyrste bygningslovane[endre | endre wikiteksten]

Med 1800-talets urbanisering og store samfunnsendringar oppstod behov for meir planmessig styring, primært ordning av byggeområde, regulering av veg- og gatenett, branntrygging og betring av helseforholda. Dei største byane fekk fyrst eigne bygningslovar: Oslo i 1818, 1827 og 1842, Bergen i 1830 og Trondheim i 1841. Dei andre fekk «Lov angaaende Bygningsvæsenet» i 1845, ein etter den tid omfattande lov for organisering av bygningsvesenet og reglar for plan- og bygningsutforming. Kvar by skulle ha ein bygningskommisjon og reguleringskommisjon som skulle lage byplan.

I tråd med internasjonale byplanideal var rettvinkla rutenettmønster med like store kvartal og like breie gater lovfesta. Me har mange eksempel på slike planar. Etter lovendring i 1869 kunne delar av ein heradskommune underleggast bygningsloven. Byvekst og mange brannar på slutten av 1800-talet førte til ein ny og meir omfattande lov i 1896. Det skulle lagast byplan for byen og eventuelt eit belte på 200 meter utanfor bygrensa. Loven gav påbod om branngavlar i mur. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 blei det innført murtvang i alle byar. Rundt 1900 kom ønske om meir arkitektoniske og estetiske omsyn. Rutenettkravet blei mindre strengt, og fall seinare bort.

Hageby, nabolag og bustadsak[endre | endre wikiteksten]

Ebenezer Howard viste i boka «Garden Cities of Tomorrow» skjematisk korleis han tenkte samspelet mellom by og land
Howard viste òg korleis bystrukturen skulle byggast opp omkring ein naboskapstanke

Ebenezer Howard presenterte sitt hagebyprinsipp fyrste gong i boka To-morrow: A Peaceful Path to Real Reform i 1898. I 1902 blei ho trykt på ny, med tittelen Garden Cities of To-Morrow. Boka gav støyten til hagebyrørsla, «the garden city movement». I hagebyprinsippet ligg kimen til fleire sider ved planlegginga, som blei utvikla vidare. For det eine var hagebytanken eit viktig grunnlag for betring av buforholda. For det andre ligg eit regionalt perspektiv til grunn, ved at dei nye byane var delar av større urbaniserte system i næringsmessig samvirke med landbruket, med eit hierarkisk prinsipp om samspel mellom senter på ulike nivå. For det tredje bar sonedelinga mellom ulike funksjonar, vekt på grønt og effektiv transport, bod om funksjonalismen. For det fjerde finn ein spor av nabolagstanken. Nabolaget skulle byggast opp omkring skolekretsen, med daglegvarehandel, rekreasjonsareal etc. I Noreg blei det ikkje bygd eigentlege hagebyar, men bustadområde som bygde på hagebytanken, for eksempel Ullevål hageby i Oslo. Ideane har hatt mykje å seie heilt opp til vår tid, også i Noreg.

Det bustadpolitiske arbeidet i Noreg blei organisert med danninga av Norsk Forening for Boligreformer i 1913, og la grunnlag for kommunal satsing og seinare statleg bustadpolitikk med blant anna Den Norske Stats Husbank. Norsk byplan-forbund blei danna i 1919. Dei to foreiningane gjekk i 1963 saman til Norsk forening for bustad- og byplanlegging – nå Norsk Bolig- og Byplanforening.

Ny bygningslov i 1924[endre | endre wikiteksten]

Grunngjevinga for ny lov fanga opp trekk i tida, blant anna byggeteknisk og økonomisk utvikling, endring i arkitektursyn, og større interesse for bustadspørsmålet. «Lov om bygningsvesenet» blei vedteken 22. februar 1924, og sett i kraft i 1929. Loven galdt alle byane inklusive eit belte på 200 meter inn i nabokommunen. Etter kvart fekk mange landkommunar behov for å regulere bygginga i tettstadene, og innførte loven.

Loven stilte få konkrete krav til planutforming, samtidig som han la opp til meir omfattande planlegging enn den gate- og kvartalsreguleringa som hadde vore. Kravet om rutenett fall heilt bort. Det blei lagt vekt på bustadar, arkitektur og estetikk og omsyn til terrenget. Det var krav om rekreasjonsareal og offentlege rom. Loven formaliserte ikkje noko system for reguleringsformål, men hadde tilløp til sonedeling, slik planlegginga kom til å utvikle seg under funksjonalistiske impulsar i åra framover.

Bygningsråd, der halvparten av medlemmene skulle velgast av bystyret, innebar at planlegging og bygging i større grad blei eit politisk ansvar. Sjølv om loven kom til i ei tid med rask profesjonsutvikling og endring i fagsyn, og store politiske endringar, kom loven til å gjelde i nesten 40 år, til han blei avløyst av bygningsloven av 1965.

Funksjonalisme på norsk[endre | endre wikiteksten]

Funksjonalismen kan knytast til det moderne industrisamfunnet. Nye materialar, konstruksjonar og produksjonsmåtar gav grunnlag for ny arkitektur. Urbanisering, utviklingsoptimisme, endring i livsstil og haldningar gav impulsar til endringar i planlegginga. Kimar til funksjonalismen låg i målet om sunne buforhold med lys, luft og grøne omgjevnader, og i frigjeringa frå strenge planprinsipp. Nye estetiske ideal med oppløyste byrom og frittståande bygningar avløyste symmetri, aksedragingar og monumentalitet. Sonedelinga leier opp mot dei funksjonalistiske prinsippa med hovudfunksjonane bustad, arbeid, rekreasjon og transport. Auka politisering av planlegginga og ein sosial profil på 1930-talet gjorde at bustadområde blei det viktigaste i planane. Sjølv om påverkinga var sterk, fekk me aldri heilt reindyrka funksjonalistiske område i Noreg, men ein moderert versjon med sonedeling, påverking av hagebytanken og eit nasjonalt tilpassa formuttrykk.

Førebuing til gjenreising – Brente steders regulering[endre | endre wikiteksten]

BSRs plan for Steinkjer. 1943
BSRs perspektivteikning over det planlagde nye senteret i Steinkjer fortel om omtanke for form, og viser vektlegginga av aksar og fondmotiv

Organisasjonen Brente steders regulering (BSR), som blei etablert sommaren 1940 under leiing av professor Sverre Pedersen for å utarbeide planar for dei 27 byane og stadene som var øydelagde tidleg i krigen, var det fyrste planapparatet i statleg regi. Pedersen hadde tidlegare utarbeidd planar for fleire av dei stadene som blei øydelagde i 1940, og hadde godt grunnlag for å utforme dei nye planane. Planutforminga viste ikkje utprega funksjonalistiske trekk, men fylgde nyklassisistiske ideal med kvartal, aksar og terrengtilpassing.

Oversiktsplanlegging i emning[endre | endre wikiteksten]

Sverre Pedersens skisse til hageforstader og forstadsbanar i Trondheim og Strinda 1918.

Dei fyrste tilløpa til oversiktsplanlegging hadde grunnlag i små arealreservar i byane og bygging i nabokommunane. Eitt tidleg eksempel er Sverre Pedersens skisse frå 1918 til byutvikling med hageforstader og forstadsbane i Trondheim og Strinda.

Eit anna eksempel er Harald Hals’ planforslag for Oslo og nabokommunar i 1929. Planen blei omarbeidd som ein generalplan for Oslo, Aker og Bærum i 1934, og etter samanslåinga av Oslo og Aker i 1948 blei det utarbeidd generalplan bygd på desse planane. Erik Rolfsen lanserte idear om sosiale fellesskap i «nye bysamfunn» ut frå ideane om hageby og naboskap og påverking frå funksjonalismen.

Med utgangspunkt i bustadar og nabolag omkring skolekretsar fylgde planen eit hierarkisk prinsipp med delvis sjølvstendige bydelar med nærsenter, bydelssenter og arbeidsplassar omkring hovudsenteret. Byen skulle bindast saman med eit effektivt transportsystem. Ein bydel skulle ha 30 – 40 000 innbyggarar. Prinsippa blei ikkje gjennomførte fullt ut, men drabantbyar blei planlagde og bygde ut frå grunnideane, fyrst Lambertseter.

Også andre byar starta oversiktsplanarbeid i samarbeid med nabokommunar. Dette utvikla haldningar, kunnskapar og erfaringar som var verdifulle for det generalplanarbeidet som kom i gang seinare. Inspirasjon og kunnskap om oversiktsplanlegging blei særleg henta frå England og Sverige, som begge hadde fått planleggingslovar i 1947.

Lambertseter blei bygd etter hageby- og naboskaps-prinsippa.
Foto: plan- og bygningsetaten, Oslo/oslobilder.no
Lambertseter var det fyrste store drabantbyområdet etter samanslåinga av Oslo og Aker.
Foto: plan- og bygningsetaten, Oslo/oslobilder.no

Etter krigen blei Brente steders regulering omorganisert med oppgåve å planlegge for gjenreising i Finnmark og Nord-Troms. Dette var den fyrste utprøvinga av regional planlegging med analysar av fysiske, næringsmessige, økonomiske og befolkningsmessige forhold, og var ei utviding frå rein fysisk planlegging til eit regionalt og nasjonalt perspektiv og oppbygging av nasjonal økonomisk planlegging. Ut frå tankar om modernisering og effektivisering av landsdelen blei det i fleire tilfelle foreslått gjenreising på andre stader enn der busetnaden hadde vore før. Dette møtte lokal motstand og planane måtte endrast i tråd med folkeviljen.

Framveksten av økonomisk planlegging[endre | endre wikiteksten]

Krisa frå 1920-talet gav støyten til nye teoriar om økonomiske samanhengar og bruk av nye verkemiddel. Teoriane har særleg vore knytte til den engelske økonomen John Maynard Keynes. Staten skulle ha hand om realøkonomisk utvikling og stimulere næringslivet for å skape økonomisk vekst. Arbeidarpartiets kriseprogram i 1934 introduserte nye måtar å tenke statleg politikk gjennom planøkonomi og regional planlegging. Planøkonomien blei fyrst konkretisert og introdusert på nasjonalt nivå med langtidsprogrammet i 1946 og nasjonalbudsjettet i 1947. Grunnlaget var lagt for sterkare offentlege inngrep med fysisk og økonomisk regional planlegging som reiskapar.

I dei fyrste etterkrigsåra var gjenreisinga mest presserande. Av frykt for depresjon, slik ein fekk ei tid etter fyrste verdskrigen, var tiltak for sysselsetting og næringsliv viktige. Gjenreisingsarbeidet endra gradvis perspektiv til nyreising med målretta innsats for velstands- og velferdsutvikling.

I 1946 kom tanken om områdeplanlegginga fram, for å styrke næringsliv, sysselsetting og busetting i distrikta, særleg i Nord-Noreg, og seinare i dei fleste fylka. Tiltaket var det fyrste forsøket på å etablere eit organ for regional planlegging. Det kom til å handle mest om økonomisk planlegging i form av omfattande analysar. Motstridande interesser førte til at det kom lite konkret ut av arbeidet. Men det gav kunnskap, innførte ein ny måte å tenke politikk på, og stimulerte planlegging også utanom byane. I 1966 blei områdeplankontora overførte til den nyoppretta Fylkesmannens utbyggingsavdeling i samband med innføring av ny bygningslov.

Då gjenreisinga nærma seg fullføring blei Utbyggingsprogrammet for Nord-Norge etablert i 1952 med mål om å stimulere næringslivet. Med midlar frå blant anna Marshallhjelpa skulle infrastruktur og yrkesutdanning byggast ut. Nord-Norgefondet og særlege skattereglar skulle hjelpe til med toppfinansiering av verksemder. Målet om å sikre busetting i landsdelen hadde òg ein tryggingspolitisk dimensjon.

I Trøndelag og Møre og Romsdal blei områdeplankontoret sett til å utarbeide ein næringsøkonomisk analyse og eit utbyggingsprogram for kyststrøka i Trøndelag og nokre kystkommunar på Nordmøre. I bruken av områdeplankontoret låg kimen til ei kopling mellom fysisk og økonomisk planlegging og var ein forløpar for organiseringa av planapparatet etter 1965. I Trøndelagsplanen møter ein ideen om «desentralisert konsentrasjon». For å få utvikling, måtte busettinga så langt som råd samlast i såkalla bygdebyar. Denne busettingsmålsettinga representerte ein idé som fekk stor gjennomslagskraft i lang tid framover.

For svakt stilte område i Nord-Troms som ikkje var med i Nord-Norge-programmet, kom det i 1957 ein utbyggingsplan som fyrst og fremst omhandla ekstraordinær bygging av vegar, kraftlinjer og hamner med finansiering frå Nord-Norgefondet. På 1970-talet blei det arbeidd med landsdelsplanar for Austlandet, Vestlandet, Trøndelag, for Agder/ Rogaland og Nord-Noreg.

Distriktspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Nord-Norgeprogrammet, Trøndelagsplanen og Nord-Tromsplanen var forløparar for den distriktspolitikken som kom på 1960-talet. I distriktspolitikken låg både distriktsutbygging, som galdt offentlege tiltak for økonomisk utvikling og betring av levekåra i svakt utvikla område, og distriktsplanlegging, som skulle få fram arealplanar og investeringsprogram.

Distriktenes utbyggingsfond[endre | endre wikiteksten]

I 1960 blei Distriktenes utbyggingsfond (DUF) oppretta som reiskap for å fremme auka, varig og lønnsam sysselsetting i distrikt med særlege sysselsettingsproblem eller svakt utbygd næringsgrunnlag. Fondet var eit ledd i statens politikk for økonomisk vekst, og hadde ikkje absolutt mål om å oppretthalde busettingsmønsteret. Då verksemda blei knytt til Fylkesmannens utbyggingsavdeling i 1966, var det institusjonelt lagt til rette for samordning av fysisk planlegging og distriktspolitikk. DUF er nå blitt til Innovasjon Norge, som ikkje har så sterk distriktsprofil.

Vekstsenter og industrivekstanlegg[endre | endre wikiteksten]

Etter inspirasjon, særleg frå Storbritannia, var vekstsenter og vekstområde som økonomisk motor i større omland eit anna tiltak. I 1965 blei det peikt ut ni prøvesenter og seks utviklingsområde.

Selskapet for industrivekstanlegg (SIVA) blei oppretta i 1968 etter mønster frå dei britiske Industrial Estates. SIVA skulle skaffe grunn, sørgje for grunnlagsinvesteringar, reise bygg for sal eller utleige, eller skaffe tomter til interesserte bedrifter. Ut frå ideen om desentralisert sentralisering skulle anlegga ha 1 000 – 2 000 tilsette, og omland med 15 – 20 000 innbyggarar. Slike krav kunne ikkje alltid oppfyllast, og det blei bygd anlegg også i mindre område.

Kommunereformer[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1960-åra skjedde òg eit «kommunalt hamskifte», ved at kommunane blei viktige i gjennomføringa av statlege ambisjonar om velferdsstaten. Kommuneforvaltninga var ofte lite eigna for dei nye oppgåvene. Kommuneinndelingskomiteen, Schei-komiteen, blei oppnemnd i 1946. Det var semje om å oppheve soknekommunane, som òg hadde oppgåver innan skole, omsorg og vegstell. Men ved behandlinga av kommunerevisjonar i 1956 sikra Arbeidarpartiet fleirtal for kommunesamanslåingar, mens dei borgarlege ville ha ordningar for interkommunalt samarbeid.

For å halde ein god administrasjon, burde kommunane ha minst 2 500 – 3 000 innbyggarar, eit allsidig næringsliv og levedyktig sentrum, og det skulle ligge til rette for ungdomsskolar i landkommunane. Talet på kommunar gjekk ned frå 744 like etter krigen til 454 i 1967. Seinare er talet på kommunar ytterlegare redusert.

Dei nye kommunale oppgåvene gav sterk vekst i offentleg sektor. Den direkte og indirekte sysselsettingseffekten var kanskje større enn av dei spesielt innretta distriktspolitiske verkemidla. Innføring av ny bygningslov og planleggingsplikt i alle kommunane må sjåast i lys av denne periodens vekst og velferdsutvikling.

Mot landsomfattande planlegging – ny lov i 1965[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart gjorde dei store samfunnsendringane det aktuelt å modernisere bygningsloven. Alt før krigen hadde Norske arkitekters landsforbund fremma tanken om ein ny lov med reglar om regionplanar og oversiktsplanar. Med gjenreisinga og etter kvart nye kommunale oppgåver i åra etter krigen, var tida for ny lov meir enn moden, då Heiberg-komiteen blei oppnemnd i 1954. Komiteen la fram innstillinga si i 1960. Den nye bygningsloven blei vedteken i Stortinget 18. juni 1965 og sett i verk 1. januar 1966. Denne loven gav hovudtrekka i den planlegginga me har i Norge i dag. Heiberg-komiteen drøfta samanhengen mellom områdeplanlegginga og behovet for fysisk oversiktsplanlegging for å styre lokalisering av næringsliv, bustadar etc. Tettbygde strøk måtte sjåast saman med utviklinga i opplandet og landsdelen, og ein måtte samordne den fysiske planlegginga og den økonomiske områdeplanlegginga.

I løpet av departementets arbeid med lovforslaget, blei planleggingsambisjonane utvida. Behovet for fysisk planlegging også i landkommunane kom sterkare fram, og planlegging blei sett på som ein viktig reiskap i utviklinga av velferdsstaten og i distriktspolitikken. Tanken om sterkare offentleg styring gjennom planlegginga var blitt mindre kontroversiell, men det var politisk usemje om omfanget av statleg styring i forhold til det lokale sjølvstyret, og om inngrep i den private eigedomsretten. Resultatet blei eit hierarkisk plansystem for heile landet, med generalplan for kommunen; regionplan for to eller fleire kommunar, og reguleringsplan som erstatta byplanen.

Dei viktigaste endringane var:

  • loven skulle gjelde i alle landets kommunar
  • det blei innført oversiktsplanlegging i kommunar og regionar
  • den politiske styringa blei styrkt, ved at berre folkevalde skulle ha stemmerett i bygningsrådet
  • det blei innført eit formelt system for funksjonsdelt arealregulering, og
  • gjennomføringsmiddel som oreigning, refusjon og råderettsinnskrenkingar blei utvida.

Etter 20 års nesten samanhengande arbeidarpartistyre, blei det Borten-regjeringa, med kommunalminister Helge Seip (V), som skulle sette ho ut i livet. Regjeringa hadde store ambisjonar om planlegginga som reiskap i regional og kommunal utvikling, kanskje større enn mange kommunar og regionar hadde.

Det blei bygd opp eit apparat for handtering av planlegginga, fyrst med Distriktsplanavdelinga i Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1963, og seinare Fylkesmannens utbyggingsavdeling i alle fylka. Regiondeling blei fastlagd dei fleste stader, og regionplanarbeid kom i gang. Men det gjekk trått, og regionplanen blei erstatta av fylkesplan i 1973. For byane innebar ikkje den nye loven så store endringar. Men for mange landkommunar var planlegging noko nytt. Nokre stader skorta det på politisk vilje til omfattande planlegging, i alle fall dei fyrste åra. Dei fleste landkommunane mangla fagfolk til eit så omfattande arbeid, og dei leigde gjerne konsulenthjelp. Men etter kvart kom planarbeidet godt i gang, og i dag er planlegging ein sjølvsagt del av kommunanes ansvarsområde.

Plan- og bygningslov i 1985[endre | endre wikiteksten]

Det blei tidleg reist kritikk mot planlegging. Mange meinte at planlegginga berre var innretta mot byar og tettstader, og var mot ideen om desentralisert sentralisering. Blant anna kritiserte Ottar Brox planlegginga i Nord-Noreg. Verne- og miljøinteresse avløyste 1960-talets planlegging for vekst og utbygging. FNs miljø-konferanse i Stockholm i 1972 og opprettinga av Miljøverndepartementet (nå Klima- og miljødepartementet) same året, gav miljøspørsmåla legitimitet.

Alt i 1972 blei det teke initiativ til revisjon av bygningsloven. Grunnen var særleg ønsket om betre samordning mellom sektorar og nivå. Lovforslag blei fremma i 1977. Bak forslaget finn ein grunngjevingar som blant anna verne- og miljøspørsmål, distriktsomsyn, medverking og tydelegare politisk styring.

Plan- og bygningsloven blei vedteken 5. juni 1981, men trekt tilbake av Willoch-regjeringa same hausten, særleg på grunn av speilvendingsprinsippet, som innebar forbod mot å bygge utan at gyldig plan opna for det. Endra lov blei vedteken 14. juni 1985. Blant anna blei statens styring styrkt gjennom reglar om rikspolitiske retningslinjer og bestemmelsar, og statlege planar. Generalplanen blei erstatta av kommuneplan, som skulle ta seg av både fysisk, økonomisk, sosial og kulturell utvikling i kommunen. Ambisjonane blei med dette utvida frå fysisk-økonomisk planlegging til ei omfattande samfunnsplanlegging og sterkare offentleg styring. Dette kan verke som eit paradoks i ei tid med veksande nyliberalisme.

Ny lov i 2009[endre | endre wikiteksten]

Det blei gjort nokre endringar i loven gjennom åra, og i 1998 blei det oppnemnt eit utval for å utgreie forslag til ny plan- og bygningslov. Utvalet la fram to utgreiingar, i 2001 og 2003. Ny lov blei vedteken 27. juni 2008 og plandelen blei sett i verk 1. juli 2009.

Med den nye loven blei ambisjonane for planlegging utvida ytterlegare. Kravet om samarbeid mellom forvaltningsnivå, sektorar og private interesser blei skjerpa. Planlegginga skal omfatte og ta omsyn til dei fleste sider ved samfunnsutviklinga, og det er innført krav om planstrategiar, planprogram og nye og endra plantypar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Magnus Lagabøte med lovtekst
  • Dancke, T. M. E. (1988) Boligsak i utvikling. Oslo: Norsk forening for Bolig og By-planlegging.
  • Fiskaa, H. (2002) Med lov skal land byggast. Norsk fysisk-økonomisk planlegging dei fyrste åra med bygningslova av 1965 – med fem generalplanar frå Nic Stabells kontor som eksempel. Dr. ing.avhandling. Trondheim, NTNU, Institutt for by- og regionplanlegging. ISBN 82-471-5444-7 Les i fulltekst
  • Furre, B. (1991) Vårt hundreår, norsk historie 1905–1990. Oslo, Samlaget. ISBN 82-521-3486-6 Les i fulltekst
  • Howard, E. (1902) Garden Cities of Tomorrow. Swan Sonnerstein & Co, London.
  • Jensen, R. H. (1980) Moderne norsk byplanlegging blir til. Doktoravhandling. Trondheim, Nordplan. ISBN 91-86248-00-6
  • Kleven, T. (2011) Fra gjenreisning til samfunnsplanlegging. Norsk kommuneplanlegging 1965–2005. Trondheim, Tapir akademiske forlag. ISBN 978-82-519-2691-1
  • Thomassen, Ø. (1997) Herlege tider. Norsk fysisk planlegging 1930–1965. Doktoravhandling. Rapport nr. 31. Senter for teknologi og samfunn, NTNU.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]