Norsk rapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk rap)

Norsk rapp er hiphop-musikk slik ein har sett han i Noreg. Frå starten på slutten av 1980-talet fram til seint 90-tal var det vanlegast med engelskspråklege tekstar, før det kom ei bølgje med morsmålsrapping. Per i dag er norsk det vanlegaste rappespråket i landet, men engelsk er framleis akseptert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norsk rapp tok til med grupper som A-Team (seinare B.O.L.T. Warhead) og Felony Force i slutten av 80-åra. Musikken var då rask, hard og minimalistisk, inspirert av britcore-hiphoppen til britiske artistar som som Hijack, Gunshot og Silver bullet. I 1991 gav B.O.L.T. Warhead ut albumet Rage, som er blitt rekna som det første norske rapp-albumet.[1]

Warlocks gjorde suksess i 1997 med singelen Flashbacks, som markerte inngangen til plateselskapet Tee Productions sin kommersielle stordomstid. Tee Productions vart grunnlagd av Tommy Tee, som i si tid var hjelpe-DJ for A-Team i B.O.L.T. Warhead-tida, i tillegg til å produsera for m.a. den kvinnelege rapparen MC Cey. I tillegg til Warlocks og Tommy Tee var N-Light-N, Diaz og Opaque sentrale i dette miljøet, som samarbeidde og framleis samarbeider med viktige internasjonale hiphop-namn. Musikken deira var pompøs med mykje sampling av klassisk musikk, med tekstar som hovudsakleg dreidde seg rundt sjølvskryt og hiphopkultur: breikdans, grafitti osb.

Parallelt med Tee Productions var miljøet rundt Jester sin hiphop-organisasjon Rhythm & Rhymes (RaR) viktig. Her var det mykje jazz-sampling og politiske tekstar, og det gjekk både på norsk og engelsk. Gatas Parlament, som debuterte med verdas første hiphop-utgjeving på norsk i 1994, var òg viktige i dette miljøet.

Mot hundreårsskiftet vart rapp på norsk gradvis meir vanleg. Grupper som Klovner i Kamp, Apollo og URO sprang ut or RaR-miljøet, men hadde eit meir funk-og-soul-basert sound. Mykje av den første norskspråklege rappen kom òg frå distrikta, Pen Jakke frå Fredrikstad, Fremmed Rase/Alien Breed frå Trondheim og ikkje minst Tungtvann frå Nordland og Troms var viktige.

Sjølv om det var den norskspråklege rappen som herska i media, vart det framleis gjort ting på engelsk. Tee Productions kom med fleire av sine mest kritikarroste utgjevingar i denne perioden, mellom anna Opaque og The Loudmouf Choir sitt album Gourmet Garbage. I tillegg omfamna dei norsk rapp mellom anna ved å gje ut Gatas Parlament sitt debutalbum Holdning over underholdning etter å ha vore særs skeptiske til fenomenet over lengre tid. Norsk rapp på engelsk oppnådde likevel ingen kommersiell suksess att før i 2002, då Paperboys sleppte debutalbumet sitt.

I 2003 slo Jaa9 & Onkl P gjennom og førte med seg eit skred av humoristiske punsjlinjebaserte grupper. Det høge tekniske nivået til særleg Onkl P førte til ei landsomspennande auke i teknisk dugleik, både mellom veteranar (som Tungtvanns Jørg-1) og nybyrjarar. Same året gav Equicez ut det første albumet som både var på engelsk og norsk. State of emergency vart kritikarrost for den mørke stemninga, den ærlege sosialrealismen og dei dystre synthbeatsa.

I byrjinga av 2005 floppa ei rekke utgjevingar, og blesten om norsk rapp vart justert. Dette hadde både å gjera med eksplosjonen i tal på artistar og dei låge salstala sjangeren alltid har hatt med få unntak (Warlocks, Klovner i kamp, Tungtvann, Paperboys). Samstundes vart mangfaldet breiare og kvalitetskrava høgare, og per i dag har Noreg eit stort og levande rapmiljø med særs variert lyd og utan nokon spesiell felles tendens. Per i dag finst det artistar innanfor dei fleste rappundersjangrane i Noreg, og dei fleste fylka har éin eller fleire nasjonalt respekterte rapparar. I tillegg har stadig fleire produsentar innanfor sjangeren hevda seg internasjonalt, mellom anna Stargate, Kakemonsteret og Da Playboy Foundation.

Karpe Diem vart etablert i 2000 og vann Alarmprisen 2007 i klassen hip-hop/rap og Spellemannprisen 2008 i klassen hip-hop for plata Fire vegger. Albumet Aldri solgt en løgn er det første hiphopalbumet som har toppa VG-lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aahlin, Audun Kjus (10. mars 2018). «A-Team – norsk rapgruppe». Store norske leksikon (på norsk bokmål).