Norsk raudliste, artsliste for pattedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Raudlista for pattedyr 2021, fordeling av 76 artar over kategoriar ██ CR - kritisk truga 3 (4%)██ EN - sterkt truga 8 (10%)██ VU - sårbar 8 (10%)██ NT - nær truga 9 (12%)██ LC - livskraftig 46 (61%)██ RE - regionalt utdøydde 2 (3%)

Som ein del av utgjevinga av norsk raudliste for artar vurderer Artsdatabanken alle artar av etablerte pattedyr i Noreg mot kriterium for risiko for å døy ut frå Noreg. I tillegg til er einskilde andre mindre vanlege artar i Noreg òg vurderte. I 2021 blei totalt 76 pattedyrartar vurderte for Fastlands-Noreg og Svalbard.

Fordeling av pattedyrartar over raudlistekategoriar[endre | endre wikiteksten]

For forklaring av kategoriane med kodar, sjå IUCN si globale raudliste og Norsk raudliste for artar

Status 2021[endre | endre wikiteksten]

  • 19 artar er truga, eller 25 % av dei vurderte artane: 3 artar er Kritisk truga – CR, 8 artar er sterkt truga – EN, og 8 artar er sårbare – VU
  • Andre raudlista kategoriar: 2 artar er regionalt utdøydde – RE, 9 artar er nær truga – NT
  • 46 artar er livskraftige – LC
  • ikkje vurderte: 21 artar er lista som ikkje egna - NA, til dømes fordi dei ikkje er etablerte pattedyr, døme gullsjakal og dvergmus, eller er frammande / innførte, døme: mink og austmarkmus.

Utvikling mot 2021[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tiåret frå 2010 til 2021 er det ei minking av andel livskraftige artar og ei auke av artar klassifiserte som nær truga. I 2010 var 69 % av dei vurderte pattedyrartane klassifisert som livskraftige, i 2021 61 %.

Bjørkemus, piggsvin, rein i Fastlands-Noreg og storkobbe var tidlegare livskraftige artar, men kom inn på lista over nær truga artar frå 2021. Havert og nordflaggermus var òg livskraftige artar, og kom inn som sårbare artar frå 2021. Oter gjekk motsett veg, var tidlegare klassifisert som sårbar, etter 2021 er han rekna som livskraftig.

Steinkobbe på Svalbard og trollflaggermus vart nedgradert frå kategorien sårbar til nær truga artar i 2021.

Fjellrev og grønlandskval blei nedgradert frå kritisk truga til sterkt truga, storflaggermus oppgradert frå sårbar til sterkt truga.

Kvitkval er kategorisert som sterkt truga. Tidlegare var ikkje arten vurdert.

Oversyn over truga artar per 2021 med kort grunngjeving[endre | endre wikiteksten]

Kritisk truga CR[1][endre | endre wikiteksten]

Sterkt truga EN[2][endre | endre wikiteksten]


Sårbar VU[3][endre | endre wikiteksten]


Regionalt utdøydde i Noreg[4][endre | endre wikiteksten]


Oversyn over nær truga pattedyrartar i Noreg, 2021[5][endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori CR Verktøy for søk og utval
  2. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori EN Verktøy for søk og utval
  3. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori VU Verktøy for søk og utval
  4. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori RE Verktøy for søk og utval
  5. Artsdatabanken (24. november 2021), Norsk rødliste for arter 2021 i kategori NT Verktøy for søk og utval

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Artsdatabanken, 24. november 2021, Norsk rødliste for arter 2021 Verktøy for søk og utval på ulike typar kriterium, oppslag, grafiske framsyningar av statistikk, og nedlasting av liste over alle artar i alle artsgrupper med vurdering