Norsk referansegrammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk referansegrammatikk (NRG) er ein grammatikk over norsk språk som kom ut i 1997, skrive av Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. NRG vart skrive samtidig med tilsvarande prosjekt for svensk, dansk og finsk.

NRG er på 1223 sider, og sjølv om han er langt mindre enn dei andre nordiske referansegrammatikkane, er han i praksis det sentrale referanseverket når det gjeld norsk grammatikk. Ingen andre grammatikkar over norsk er like omfattande som NRG. NRG vart gjeve ut av Universitetsforlaget, ISBN 82-00-22569-0.

Om Norsk referansegrammatikk[endre | endre wikiteksten]

  • Akselberg, Gunnstein et al. 1999: Norsk referansegrammatikk. Nordica Bergensia ; 21 - 1999 Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, [1999].
  • Bjørnevik, Åge 2000: Å skildra ei norm : ein vitskapsretorisk refleksjon rundt Norsk referansegrammatikk. Oslo.
  • Hellebø, Leiv 2003: Studiar i bokmålsnaturen : via Bokmålsordboka, Norsk referansegrammatikk og HPSG. Oslo
  • Platzack, Christer 1999: I Maal og Minne: [1]