Norsk Salmebok (1985)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk salmebok)
Gå til: navigering, søk

Norsk Salmebok var frå 1985 til 2013 den ålmenne salmeboka i Den norske kyrkja. Ho vart utgjeven fyrste gong i 1985, og erstatta Landstads reviderte salmebok (frå 1924) og Nynorsk salmebok (frå 1925). I 1997 kom tillegget Salmer 1997. Frå 2013 vart ho avløyst av Norsk salmebok 2013 som hovudsalmebok, men boka blir enno brukt i mange norske kyrkjelydar.

Forarbeidet[endre | endre wikiteksten]

Alt i 1954 vart det oppnemnt ei salmeboknemnd med biskop Johannes Smemo som formann. Ho gav ut si første innstilling i 1957, og publiserte i stensil eit «Utkast til felles salmebok for Den Norske Kirke» i 1968. Utkastet resulterte i prøvesalmeboka Salmer 1973. Etter dette vart komiteen reorganisert, og den nye komiteen fekk Rune Birkeland som formann. Dei la i NOU 1981: 40 fram eit framlegg til Norsk Salmebok.[1]

Den ferdige boka vart godkjend ved kongeleg resolusjon av 29.6.1984 til bruk i dei kyrkjelydane som gjer vedtak om det.

Innhaldet i boka[endre | endre wikiteksten]

Salmeboka har 953 nr, med tekster på nynorsk eller bokmål. Nokre få av dei mest brukte salmane er trykte i begge målformene. Boka finst likevel i ei nynorskutgåve og i ei bokmålsutgåve, slik at nr 867 - 953 er trykt anten på bokmål eller på nynorsk.

Salmeboka er ordna tematisk, slik at første kapittel følgjer kyrkjeåret, dei tre neste Gud, Kristus og Kyrkja, femte kapittel handlar om livet og sjette kapittel handlar om håpet. Tilslutt har boka tre kapittel med prosesjonssongar, bibelske salmar og liturgiske salmar.

Norsk salmebok er meint å vere ei bruksbok. Difor er mange salmar korta inn, og språket er modernisert. Forkynninga og det kulturelle uttrykket er òg tilpassa moderne ideal. Skiljet mellom salmar og songar er ikkje lenger tydeleg. Vidare er gjerne ord som sysken brukt der det før stod brør. Samstundes har boka for nokre eldre salmar valt å gå bort frå moderniseringar som var gjort i Landstads salmebok, og heller leggje seg nærare originalen.

Melodiane er i mange tilfelle lagt nærare den originale melodiføringa og rytmen, der Landstads salmebok hadde jamne fjeredelsnotar. Redaksjonen har også valt å bruke fleire ulike melodiar på salmane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NOU 1981:20, forordet.