Norsk sameråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk sameråd var eit rådgjevande organ for styresmaktene rundt samiske spørsmål. Rådet besto av 18 medlemmar oppnemnd etter framlegg frå samiske organisasjonar. Rådet hadde ein egen administrasjon lokalisert i Karasjok. Norsk Sameråd erstatta dåverende Samisk råd for Finnmark.

Rådet blei oppretta 26. juni 1964[1]. Den første leiaren var Harald Samuelsberg frå Loppa, han var leiar fram til 1980. Norsk sameråd blei lagt ned i 1989, då Sametinget blei til. Sametinget arva administrasjonen til Norsk sameråd i Karasjok.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stortingstidende om opprettinga av Norsk sameråd

Litteratur[endre | endre wikiteksten]