Norsk samordningsminister
Samordningsminister er ein uoffisiell og ikkje-formell tittel, ofte nytta av norske media om personen som til ei kvar tid har posisjonen som statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor.
Ordet «samordningsminister» dukka første gong opp i media i samband med utnevninga av Karl Eirik Schjøtt-Pedersen som statsråd etter Stortingsvalet 2009.
Schjøtt-Pedersen vart ofte kalla samordningsminister, og kan samanliknast med tidlegare administrasjons-, planleggings-, moderniserings- og fornyingsministrar. Han hjelpte statsministeren i arbeidet, og hadde ikkje sjølvstendige ansvarsområde.
Schjøtt-Pedersen som minister og mangel på ansvarsområde som statsråd gjorde at opposisjonen på Stortinget uttrykte seg kritisk til utneminga, og hevda dette braut med norsk parlamentarisk skikk der alle statsrådar må vere ansvarlege overfor Stortinget.[1] Stoltenberg viste til at Noreg fleire gonger tidlegare har hatt statsråder uten eigen portefølje, og at tradisjonen i Noreg er at regjeringa sjølv bestemmer korleis ho vil organisere arbeidet sitt.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kjetil Løset (11.11.2009). «Hva gjør denne statsråden?». TV2.
- ↑ «Stortinget - Møte onsdag den 11. november 2009 kl. 10». 11.11.2009.