Norsk senter for forskningsdata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

NSD – Norsk senter for forskingsdata er eit nasjonalt dataarkiv. NSD har som føremål å sikra fri og ope tilgang til forskigsdata, og å betra høva for empirisk forsking.[1] Organisasjonen vart oppretta i 1971 som eit organ underlagt Noregs forskingsråd. Fram til 1. mars 2016 var namnet Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (derav forkortinga NSD).[2] Etter vedtak i Stortinget vart NSD frå 1. januar 2003 organisert som eit aksjeselskap eigd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet.[3][4] NSD har hovudkontor i Bergen, med representantar i Oslo, Trondheim og Tromsø. NSD gir ut nyhendebrevet NSDnytt fire gangar i året.[5]

Føremål og samarbeidspartnarar[endre | endre wikiteksten]

NSD vart oppretta med føremål om å vere eit arkiv for forskingsdata (i første rekkje kvantitative data), og dessutan for å leggje til rette for at desse dataa skal vere lettare tilgjengeleg for forskarar og studentar. I dag er NSD òg tenesteleverandør på ei rekkje område, hovudsakleg for offentleg sektor. Mellom anna har NSD vore sentral i gjennomføringa av skulevala. Viktige samarbeidspartnarar nasjonalt inkluderer Statistisk sentralbyrå (SSB), Noregs forskingsråd, Datatilsynet, Kunnskapsdepartementet, og dessutan heile universitet- og høgskulesektoren. Internasjonalt samarbeider NSD med dataarkiv over heile Europa på felles europeiske prosjekt, som til dømes European Social Survey.[6]

Leiing[endre | endre wikiteksten]

Med unntak av eit kort opphald har Bjørn Henrichsen vore direktør/administrerande direktør for NSD sidan starten i 1971. Styreleiar for NSD er i dag Petter Aasen.

Styret i NSD[endre | endre wikiteksten]

  • Rektor Petter Aasen (leiar)[7]
  • Professor Knud Knudsen
  • Professor Lawrence Rose
  • Fagdirektør Anne Skranefjell
  • Professor Sameline Grimsgaard

Varamedlem:

  • Førsteamanuensis Toril Aalberg

Representantar for dei tilsette:

  • Katrine Utaaker Segadal
  • Dag Kiberg

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NSDs strategi 2016-2019
  2. nsd.uib.no
  3. Skildring om eigartilhøve frå Staten sin eierberetning 2006
  4. Nøkkeltal og eierskap frå Selskapsdatabasen
  5. NSDnytt
  6. http://www.europeansocialsurvey.org/
  7. NSDs – oversyn over styret

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sentrale produkt og tenester
  • NSDdata: tilgjengelege datasett frå dataarkivet.
  • Personvernsombod for forsking: handsamar saker som gjeld personvern innan forskingsprosjekt hos knytte til seg institusjonar.
  • NSDStat: programvare for enkel analyse av kvantitative data.
  • Nesstar: programvare for dokumentasjon av og direkte webbasert analyse av data via verdensveven.
  • Database for forsking og høgre utdanning (DBH): samlar inn ei rekkje indikatorar frå alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg som får stønad frå staten.
  • Samfunnsveven: læringsressurs for bruk i vidaregåande skule. Inkluderer òg administrasjons- og informasjonssystemet knytt til skulevala, og dessutan resultat frå skulevala.