Norsk songdans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hulda Garborg og dansarar på Skansen i 1904.

Norsk songdans er ei form for norsk dans utført til folkeviser som særleg byggjer på færøysk folkedans.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songdansen i Noreg vart starta opp av Hulda Garborg i slutten av 1901 eller på nyåret 1902. Ho hadde vorte oppglødd for norske folkeviser ved å høyre på songaren Thorvald Lammers og førelesingar av Moltke Moe i åra før. I 1901 las ho boka Dans og Kvaddigtning paa Færøerne av Hjalmar Thuren. Den 7. mars 1902 vart songdans for fyrste gong vist fram offentleg. Det var i storsalen i Møllergata 20, med 5-600 som såg på, og endå stod mange utanfor. «Så kom Hulda Garborg og 7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader fram på tílet og synte korleis ein kunde dansa paa gamall gjerd til norske folkevisor. Dei song «Knut liten og Sylvelin», «Per spelemann» og «Tosten tala til staven sin», stod det i referatet i Ungdomsbladet Symra. Dei dansa det vi kallar folkevisesteg med små enkle brigde til.

Hulda Garborg arbeidde mykje med songdans framover våren 1902, og han vart vist fram fleire gonger. Sjølvsagt kom også gutane med i dansen. Bondeungdomslaget i Oslo vart ein sentral stad, med fast «framsyningsring» frå 1903 leidd av Hulda Garborg. Tidleg på sumaren reiste Garborg på studietur til Færøyane og Island for å lære dansen. Seinare på året var ho fleire stader rundt om i landet, mellom anna i Bergen, og snakka om og lærte bort songdans. Etter kvart tok dei til å danse meir langsetter ringen med såkalla kvilesteg. På nyåret i 1903 gav ho ut heftet Norske Folkevisor I med ei utgreiing om visedans (8 opplag 1903-22). Seinare på året kom heftet Songdansen i Nordlandi (nye utgåver i 1913 og 22) der ho fortalde om dansen på Færøyane. I 1904 kom Norske folkevisor II (4 opplag 1904-17), Norske Folkevisor III i 1920, og Norske Dansevisur i 1913 (4 utgåver 1913-23). Hulda Garborg skreiv ikkje så grundige rettleiingar om dansane. Det kom fyrst med Klara Semb sine bøker i 1922.

Alt i 1903 - i pinsehelga - reiste Hulda Garborg og dansarane «hennar» utanlands, til Stockholm med 10 par (mest frå BUL) og hallingdansar og spelemann, og hadde fleire gilde framsyningar på Skansen: songdans, turdans, springarar og halling. Mellom dansarane var Klara Semb, 18 år gamal. Vinteren 1904/05 byrja BUL med faste leikøvingar. Hulda Garborg instruerte i byrjinga, men etter kvart tok Klara Semb over. Det var vanskeleg å halde saman ein fast leikarring. Til 10-årsfesten i BUL i 1909 fekk Klara Semb øvt inn ei framsyning der det for fyrste gong vart vist dansemåtar ho hadde laga sjølv. Mellom dei var «Bendik og Årolilja» og «Inga Litimor». Ei tid etter leidde Hulda og Klara eit særlag i BUL - «Ole Bull-laget», men det tok slutt etter ca to år. På fleire vis var dansemåtane Klara Semb laga annleis enn dei til Hulda Garborg. Dei vart ein viktigare del av dansen og skulle uttrykkje innhaldet i visa.

Dei første åra voks interessa for folkevisedansen overraskande snøgt, og Hulda Garborg reiste mykje rundt om i landet og fortalde og lærte bort. Etter 1910 fekk ho mindre tid til arbeidet, men mange andre var godt i gang. Klara Semb var til dømes reiseinstruktør i Storelvdal i to vintrar frå 1905. I 1910 starta Garborg arbeidet med Det norske Spellaget, og der fekk folkeviser, dans og folkemusikk ein brei plass. Også Klara Semb (og fleire av syskena hennar) kom med der. Turen til Den 2. norrøne stemna på Færøyane i 1911 vart for Klara Semb ein sterk inspirasjon til vidare arbeid med dansen. I 1912 reiste Klara Semb for å halde kurs att rundt om i by og bygd. På 100-års-jubileumsutstillinga på Frogner i 1914 fekk Klara Semb i stand ein ring av BUL-dansarar og dei viste folkeviseleik to gonger om dagen i tre månader. Lalla Carlsen var med der. Same året sa Klara Semb opp jobben sin og arbeidde frå då av med folkedans på heiltid. Klara Semb vart no den leiande i folkedansarbeidet i Noreg heilt til innpå 1960-talet. Ho skreiv opp dansar, laga dansemåtar og instruerte. I tre år var ho i USA (1916-20) der ho mellom andre samarbeidde med Neva Boyd som hadde gjeve ut rettleiingsbøker i folkedans frå fleire europeiske land. Dette gav nok Klara Semb mot til å prøve sjølv. I 1921 fekk ho prenta den fyrste rettleiinga si til ein folkedans, det var Tritur (Tretur frå Hordaland) i vekebladet Frå Bygd og By. I 1922 gav ho ut fyrste utgåva av rettleiingsboka i turdans og songdans, Norske Folkedansar II. Saman med Liestøl gav ho same året ut første utgåva av Norske Folkedansar I. Danseviser. Her var 50 danseviser - mest store episke viser. Teksten til songdansane stod altså i NFI medan rettleiinga både til songdansen og turdansen stod i NFII. Andre utgåva av NFI kom alt året etter og den tredje i 1925. I denne utgåva var også nokre kortare og nyare viser komne med.

Etter fyrste verdskrigen og eit 10-år frametter var det ein kraftig vokster i interessa for folkedans. I 1919 vart leikarringen i BUL i Oslo skipa og i 1922 Oslo Songdanslag, og på liknande vis i mange andre bygder og byar, i dei store byane ofte knytt til bondeungdomslaga. I 1919 vart det også skipa ein frittståande landssamskipnad av leikarringar - Den norske folkeviseringen, som på stutt tid fekk mange medlemslag, men han vart nedlagd etter nokre år. Interessa for dansen var ikkje berre knytt til bygdelag og den frilynde ungdomsrørsla, men også til fråhaldslag og arbeidarlag. I 1920 var den første Norderlendske Folkedansstemna i Stockhom og den andre i Kjøpenhamn året etter. Dette gav arbeidet med å organisere folkedansrørsla ein framskuv. Klara Semb arbeidde heile tida i Noregs Ungdomslag (NU). Etter jubileumsstemna i Trondheim i 1921 (25 år) vart det for alvor NU som vart den leiande organisasjonen for folkedansarbeidet i Noreg, særleg innan songdans og turdans. Arbeidet med slåttemusikken og bygdedansen vart i stor mon knytt til Landslaget for spelemenn, som frå skipinga i 1923 var knytt til NU. Etter krigen vart LfS ein sjølvstendig organisasjon. Gamaldansen - runddansen - var på denne tida, og i mange år framover, uglesett i NU, av di dei trudde han ville øydeleggje for songdansen.

I 1925 kom ei gruppe dansarar frå Færøyane og synte fram sin dans ei rekkje stader i Noreg. Dette skulle sette varige spor i arbeidet med norsk songdans, ikkje minst hjå Klara Semb. Denne dansegruppa dansa med store rørsler, mange appellar og kraftfull dans - meir enn det som elles var vanleg på Færøyane. I 3. utgåva av rettleiingsboka frå 1935 kom atterstega med ulike tempi inn i rettleiingsbøkene, og Klara Semb nytta stadig meir dette steget når ho laga dansemåtar. I den 4. utgåva av NFII i 1948 var også mange viser som tidlegare var dansa med kvilesteg, no overførte til attersteg. Dette vekte mykje strid i folkedansmiljøet i åra framover. Samstundes med overgangen til attersteg, kom ei omlegging av danseutvalet med mindre vekt på folkevisene og meir vekt på viser frå vår tid av kjende diktarar og komponistar. Dette slår sterkt igjennom i NFI frå 1934. Siste utgåvene av NFI og NFII kom i 1961, men i 1958 kom ei ny dansebok - Danse danse dokka mi, med 17 nye songdansar i tillegg til turdansar.

Sjølv om Hulda Garborg og spesielt Klara Semb er dei to sentrale namna i norsk songdans, var det mange andre som gjorde ein stor innsats både dei første 10-åra og seinare. Sentrale namn er Ragna Gunleivsen (Øygard) og Einar Øygard, Aasmund Svinndal (Oslo) og Arne Hatlestad (Bergen), Mali Furunes (Molde, Lofoten), Signe Five (Trøndelag), Ingebjørg Fedje og andre. Etter krigen på 50- og 60-talet var det mange som gjorde ein viktig innsats, ikkje minst som dugande rettleiarar og inspiratorar. Ein kan nemne Ole Ekornes (Oslo), Liv Midttun (Leikleiar NU), Reidar Warme (Oslo), Helga Holte Olsen (Oslo, leikleiar NU), Turid Mørk Øfstås (leikleiar NU, og seinare særleg for arbeid med barn), Gunnar Rødal (leiklærar NU). Romsdalingen Gunnar Rødal vart tilsett i NU som reiseinstruktør i 1967, og har hatt ca 200 000 på folkedanskursa sine. Det er mange gonger meir enn Klara Semb hadde.

Frå slutten av 60-talet er det Egil Bakka, Geir Egil Larsen og Tor Stallvik som har arbeidd mest med utviklinga av songdansen. Det har vorte lagt vekt på lokal og folkeleg dans, med mindre svikt (flatare dans). I 1970 kom Egil Bakka si bok Danse danse lett med 17 songdansar i tillegg til turdansar og gamaldansar. Denne boka innførte nye måtar å notere dansemønsteret på og ei skandering av teksten. I 1982 kom heftet Danse mi dokke av Tor Stallvik og i 1984 heftet Trønderviser med 21 dansar av Geir Egil Larsen. Også andre har gjeve ut dansehefte i seinare år, mellom anna frå Nord-Noreg - Dansetradisjonar frå Troms, frå Sørlandet - Dansetradisjonar frå Vest-Agder, og frå Bergenskanten - Her er me grannar.

Det viktigaste for songdansen i seinare tid er likevel den omfattande revideringa av Klara Sem sine dansebøker. Norske Folkedansar Songdansar kom i 1985 og Norske Folkedansar Turdansar i 1991. I songdans-boka vart no både visetekstane og dansemåten samla. Fleire viktige endringar i songdansen kom til uttrykk i denne boka: Dansemåten vart meir «folkeleg» med meir flyt i dansen (ikkje stogg), tonane vart meir lagt opp til originalt tonestoff, målføringa i visene vart lagt nærare talemålet der dei kjem frå. Talet på viser er 110. Av desse er 93 henta frå dei totalt 161 visene som Klara Semb hadde brukt i sine bøker, og 17 er nyare viser. Det var ei nemnd nedsett av Noregs Ungdomslag som stod for revideringa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Klara Semb. Norske folkedansar : songdansar. - Oslo : Noregs boklag, 1991