Norsk statistisk forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk statistisk forening (NSF) er ein organisasjon for forskarar og utøvarar av matematisk statistikk. Samskipnaden er eit framhald av statistikarklubben som vart stifta 7. januar 1919 og seinare konstituert i 1936.

Organisasjonen har lokalavdelingar i Oslo, Bergen og Trondheim.

NSF gjev ut medlemsbladet Tilfeldig gang (en «random walk») som kom første gongen ut i 1984. Namnet syner til den matematiske modellen som blir skildra av suksessive tilfeldige endringar.

Norsk statistisk forening er saman med systersamskipnadane i Danmark, Sverige og Finland ansvarleg for utgjevinga av forskningstidsskriftet Scandinavian Journal of Statistics (SJS). Annakvart år arranger NSF Norsk statistikermøte, der Sverdrupprisane vert delte ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]