Norsk utvandring til Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk utvandring til Amerika viser til straumen av nordmenn frå Noreg til Nord-Amerika. Utvandringa var særleg stor frå 1820-talet til 1920-talet, og gjekk i første rekkje til USA. I høve til folketalet var Noreg lenge det europeiske landet med mest utvandring, før irsk utvandring skaut fart etter 1900. Innvandrarane i USA grunnla norsk-amerikanske samfunn som har halde på fleire norske tradisjonar sidan. Dei fleste av desse slo seg ned i øvre Midt-Vesten. Frå 1920 stramma USA inn innvandringsreglane sine, og fleire nordmenn drog i staden til Canada.

Byrjingar[endre | endre wikiteksten]

Dei første nordmennene kom til den nederlandske kolonien Nieuve Amsterdam (no New York) på 1600-talet. Dette hadde bakgrunn i banda mellom Noreg og Nederland på den tida.[1]

Den «offisielle» byrjinga på utvandringa fann likevel stad i 1825, då seglskipet «Restauration» drog frå Stavanger til New York med 52 utvandrarar, hovudsakleg kvekarar eller dissentarar, om bord. I førstninga var utvandringa lita, Amerika verka framandt og dei som hadde reist ut opplevde epidemiar og dødsfall. Etterkvart som ein fann meir heimlege område i nord og vest i landet, blei fleire oppmuntra til å kryssa Atlanterhavet.[2]

Omfanget av utvandringa[endre | endre wikiteksten]

I løpet av tida 1825-1925 drog rundt 800 000 nordmenn til USA, med eit ukjent tal som vende tilbake. Utvandringa hadde tre klare toppar: Andre halvdel av 1860-talet, tidleg på 1880-talet, og til slutt i åra rundt 1905.[3] I 1882 utvandra nesten 29 000. Ei siste, mindre bølgje fann stad frå 1923 til 1929.[4]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Dei følgjande åra vart rolege, men då ein norsk busetnad vart grunnlagt ved Fox River i Illinois auka emigrantstraumen. I dei første 25 åra reiste i gjennomsnitt ca. 2000 menneske i året. Etter 1865 kan ein snakke om masseutvandring, men mot slutten av 1800-talet var det i gjennomsnitt 15 000 utvandrarar per år.

Det finst i dag materiale som fortel at utvandringsintensiteten følgde den økonomiske situasjonen i Noreg og Amerika. Vi ser at dersom tilhøva i Noreg var dårlege, så utløyste det ei auka utvandring. Negative tilhøve i Amerika bremsa henne tilsvarande opp.

Utvandringa er såleis ikkje jamn, men utmerkar seg i tre toppar. Den første utvandringstoppen var i perioden 1866-73, då til saman 110 000 forlèt Noreg. Tilbakegangen skuldtest økonomisk tilbakegang i Amerika. Den andre og største bølgjetoppen kom i perioden 1879-93, då 263 000 nordmenn forlèt Noreg. Folketalet i Noreg sokk både i 1881 og 1882. Også denne utvandringstoppen blei stoppa av dårleg økonomi i USA. Den tredje toppen var i perioden 1901-10. I denne toppen forlèt 191 600 nordmenn heimlandet sitt. Under første verdskrigen var utvandringa lit, men tok seg opp att i mellomkrigstida. Ei ny, lita bølgje kom før USA avgrensa innvandringa på 1920-talet ved hjelp av restriktive innvandringslover.

Kven drog?[endre | endre wikiteksten]

Fram til århundreskiftet var den norske utvandrargruppa prega av yngre menneske med menn i fleirtal. Men det var også mykje familieutvandring, til dels med store barneflokkar. Det var folk i frå alle samfunnslag, men underklassen var overrepresentert. Den største gruppa var bønder frå småbruk som hadde jordbunden kapital, og som dermed kunne selje og få råd til billettar. Husmannsfolk og tenestefolk hadde størst problem med å finansiere reisa, nokre fekk billettar finansiert av kommunen fordi det blei billegare enn å fø dei på fattigkassa. Frå litt før hundreårsskiftet forandra utvandringsfølgjet seg noko. Fortsatt var menn i fleirtal, men no i følgje av yngre, ugifte kvinner. Dei reiste dels av eventyrlyst, dels for å tene pengar nokre år. Familieutvandringa blei etterkvart ubetydeleg. I åra etter første verdskrigen var berre 6 % av utvandrarane under ti år. Ca. ein fjerdedel av dei som reiste no, vendte tilbake til Noreg etter nokre år.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Årsakene til utvandring frå Noreg var stort sett det same som frå andre europeiske land, og kan delast inn på forskjellige måtar. Det fanst tilhøve i Noreg som pressa folk vekk «(the push)» medan det også var tilhøve i Amerika som verka lokkande «(the pull)». Ein kan skilja mellom kortsiktige og langsiktige årsaker, djupareliggjande og utløysande årsaker, eller ein kan velja å snakke om årsaker av politisk, religiøs, sosial eller økonomisk art. Det kan også vera naturleg å ta med eventyrlyst.

Seinare grupper drog som oftast av sosiale og økonomiske årsaker. På grunn av den store folkeveksten i Noreg måtte gardane delast opp, og det materielle grunnlaget for den einskilde familien blei dårleg. Dette førte til misnøye, og Amerika fortona seg som ei moglegheit for mange. Der kunne draumen om ei ljos framtid for seg sjølv og familien bli realisert. I Amerika kunne alle over 21 år få tildelt gratis jord. I tillegg var det i Amerika stort behov for arbeidskraft, medan det i Noreg var vanskeleg å få seg arbeid. Løningane var også høgare enn i Noreg.

Ein del drog også av eventyrlyst. Mange blei påverka av Amerikabrev og emigrantannonser i aviser. Mange blei òg påverka av emigrant-agentane som gjekk rundt i bygdene for å selje plassar til utvandringsbåtane. Håpet om ei framtid der ein kunne utnytta evnene og kreftene sine og oppleva stor framgang, var freistande. Etter kvart som transporten blei betra, vart det lettare å ta avgjerda. Særleg viss ein fekk billetten gratis, var freistinga vond å stå imot. Mange reiste med tanke på eit mellombels opphald for å tena pengar og deretter reisa heim att til Noreg. Omtrent ein fjerdedel av emigrantane frå 1880 kom heim att seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «John O. Evjen publiserte i 1916 sin studie av "Scandinavian Immigrants in New York 1630-1674", og beretter om noen dusin nordmenn.» Nedrebø 2000
  2. «På 1830-talet enda norske emigrantar opp i sumpområder i Illinois og Missouri» Nedrebø 2000
  3. Nedrebø 2000