Norsk vegmuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullhagen bru er eit av objekta som er stilt ut på Norsk vegmuseum.
Nybakken skyss-stasjon.

Norsk vegmuseum i nærleiken av Hunderfossen i Fåberg, granne til moroparken Hunderfossen Familiepark, er eit museum med nasjonalt ansvar for den norske soga om vegane og vegtrafikken. Museet er eigd og drive av Vegdirektoratet, og har ei stor samling av maskinar, bilar, motorsyklar og anna, jamvel bygningar og bruer, som har hatt med vegar og vegtrafikk i dei ulike tidsbolkane å gjere. Til dømes vert det gjort greie for norsk fjellsprengingssoge i ein over to hundre meter lang fjelltunnel. I tillegg til innandørsutstillingane, som dekkjer eit areal på fleire tusen rutemeter, er det eit stort friluftsmuseum. Museet er såleis eit av dei største teknisk-industrielle musea i Noreg.

Museet vart skipa i 1992.

Statens vegvesen og ansvaret for kulturminna[endre | endre wikiteksten]

Statens vegvesen har eit eige ansvar for å take vare på eigne kulturminne, som til dømes gamle vegar og bruer. Vegkulturminna synar utviklinga i teknologien på dei ulike fagområda. Difor er det lagt til Statens vegvesen å syte for at denne soga vert tilgjengeleg for for etterslektene. Dette gjeld altså ikkje berre kulturminne som kan flyttast på og inngå i samlingar, men òg kulturminne som kan eller må takast vare på der dei allereie ligg. Ein eigen Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner er utarbeidd for dette, og i kvar region er det ein kulturminnekoordinator som skal fylgje opp dette arbeidet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]