Norske Liv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det gjensidige Forsikringsselskap Norske Liv var eit norsk forsikringsselskap. Selskapet vart danna som 'Den norske Livrenteforening' i Christiania i 1844. Johan Henrik Rye laga planen for selskapet.

I 1874 vart tiltaket omdanna til eit vanleg livsforsikringselskap med vedtekne premiesatsar. Norske Liv var lenge mellom dei største tilbydarane på livstrygding i Noreg. Etter det vart omgjort til vanleg aksjeselskap vart det kjøpt av Kreditkassen og slege saman med andre trygdingsselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX.bandet. 1959
  • Store norske leksikon