Norske Naturfotografer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske Naturfotografer (NN) er ein samskipnad for heilt eller delvis profesjonelle naturfotografar busette i Noreg. Samskipnaden tel vel 50 medlemmar, og nye medlemmar vert tekne opp etter kvalitetsvurdering på årsmøta til samskipnaden. NN har samarbeidsavtale med biletbyrået Samfoto, og dei fleste av medlemmane er knytte til byrået.

Mange medlemmar er aktive skribentar og forfattarar med stor produksjon. Det har dei seinaste åra kome mange bøker der NN-medlemmane anten har levert bilete eller stått for heile utgjevingar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samskipnaden vart stifta i 1976, etter initiativ frå naturfotografene Dag Kjelsaas og Ole Daniel Enersen. Målsettinga var dels å fremje norsk naturfoto og interessene til naturfotografane, dels å skape salshøve for naturfotografi. To år etter stiftinga vart difor Naturfotografenes Bildebyrå danna.

Leiarar i samskipnaden har blant anna vore Ole Daniel Enersen, Ragnar Frislid, Asle Hjellbrekke, Bård Løken, Jørn Areklett Omre, Magnus Reneflot, Tom Schandy og Rolf Sørensen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]