Norske Folkeeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norske folkeeventyr)

Norske Folkeeventyr er ei gruppe norske folkeeventyr samla inn og gjevne litterær form av Asbjørnsen og Moe, Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe. Eventyra byrja å koma ut heftevis frå hausten 1841 (postdatert til 1842), men stoppa med første hefte av andre bind 1844. Andreutgåva frå 1851 (postdatert til 1852) var den første avslutta samlinga. Ho kom med kommentarar til kvar eventyrtype av Jørgen Moe, og blir derfor også omtalt som den vitskaplege utgåva. Etter dette kom ei rekkje utgåver etter gjennom innsats frå Asbjørnsen.

Inspirert av Grimm-brørne sitt arbeid reiste Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe omkring med akademiske stipend for å samla inn og skriva ned folkeleg prosa, som dei seinare samordna, restituerte og gjenfortalde gjennom felles bokutgjevingar. Samlingane blir derfor ofte omtalte som Asbjørnsen og Moe. Asbjørnsen åleine gav ut serien Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn I-II (1845-48). Samlinga innheldt ikkje eigentlege eventyr, men memorat (= «huldreeventyr») og segner. Seinare kom dei såkalla einesamlingane, Norske Folke-Eventyr. Ny Samling (1871) og Norske Folke-Eventyr. Ny Samling. Anden Udgave (1876). Dessutan gav Asbjørnsen ut den første gjennomillustrerte utgåva, Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg (1879), der kunstmålaren Hans Gude tok ansvaret for å koordinera bidrag frå yngre kunstnarar.[1]

Norske folkeeventyr og sagn[endre | endre wikiteksten]

Asbjørnsen og Moes Norske Folke- og Huldre-Eventyr. Utgåve frå 1896.

Lista er eit alfabetisk oversyrn over norske folkeeventyr, segner og memorat som er med i P. Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn i den versjonen som kom i 1879.

Eventyr frå Asbjørnsen og Moe sine Norske Folkeeventyr 1841-1844, og Asbjørnsen sine Norske Folkeeventyr: Ny Samling 1868:

Fortejlingar gjevne ut i Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn 1845-1866:

Forteljingar gjevne ut i andre verk, men lagt til blant folkeeventyra i seinare samlingar:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Den første gjennomillustrerte eventyrutgaven ble utgitt av Frederik Hegels danske Gyldendalske Boghandels Forlag, og hadde kunstneriske bidrag i xylografisk gjengivelse etter tegninger av Hans Gude, Adolph Tidemand, Peter Nicolai Arbo, Vincent Stoltenberg Lerche, August Schneider, Otto Sinding, Erik Werenskiold og Eilif Peterssen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]