Norske fylkesblomar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske fylkesblomar er blomar som er vedtekne som representative for dei norske fylka.

Professor Olav Gjærevoll initierte arbeidet med fylkesblomane i 1987, då han var leiar av Norsk botanisk forening. Foreininga sette i samarbeid med dei botaniske musea og styret i Det norske hageselskap opp ei liste med framlegg til fylkesblomar for kvart fylke. Framlegga vart send fylkesmannen i kvart fylke vinteren 1989. I nokre fylke godkjende fylkesmannen valet av fylkesblom, i andre fylke vart framlegget teke opp politisk i fylkestinget eller i fylkesutvalet. Mot slutten av 1990-talet hadde ein, med enkelte justeringar av det opphavlege forslaget, kome fram til ei liste som var allment akseptert. Lista inneheldt også ein utvald art for Svalbard. Alle artane er presenterte i boka Norges fylkesblomster av Inger Gjærevoll (Tapir forlag, 1999).

I Sverige har dei hatt ei tilsvarande liste over «landskapsblommor» sidan 1908.[1] Også Finland har slike landskapsblomar.[2] Mange andre land har tilsvarande lister med nasjonale eller regionale blomar.[3]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Fylkesblomane er:

Fylke Bilete Norsk namn Vitskapleg namn
Østfold
Convallaria majalis
Liljekonvall Convallaria majalis
Akershus
Hepatica nobilis
Blåveis Hepatica nobilis
Oslo
Trifolium montanum
Bakkekløver Trifolium montanum
Hedmark
Chamerion angustifolium
Geitrams Chamerion angustifolium
Oppland
Pulsatilla vernalis
Mogop Pulsatilla vernalis
Buskerud
Nymphaea alba
Kvit nykkerose Nymphaea alba
Vestfold
Fagus sylvatica
Bøk Fagus sylvatica
Telemark
Dactylorhiza sambucina
Søstermarihand Dactylorhiza sambucina
Aust-Agder
Lonicera periclymenum
Vivendel Lonicera periclymenum
Vest-Agder
Quercus robur
Sommareik Quercus robur
Rogaland
Erica tetralix
Klokkelyng Erica tetralix
Hordaland
Primula vulgaris
Kusymre Primula vulgaris
Sogn og Fjordane
Digitalis purpurea
Revebjølle Digitalis purpurea
Møre og Romsdal
Saxifraga cotyledon
Bergfrue Saxifraga cotyledon
Sør-Trøndelag
Dryas octopetala
Reinrose Dryas octopetala
Nord-Trøndelag
Cypripedium calceolus
Marisko Cypripedium calceolus
Nordland
Saxifraga oppositifolia
Raudsildre Saxifraga oppositifolia
Troms
Trollius europaeus
Ballblom Trollius europaeus
Finnmark
Rubus chamaemorus
Molte Rubus chamaemorus
Svalbard
Papaver cornwallisense
Svalbardvalmue Papaver cornwallisense

(Namnsetjing etter Artsdatabanken sin artsnavnebase[4])

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Gjærevoll, Inger (1999). Norges fylkesblomster. Tapir Forlag. ISBN 82-519-1507-4.  Parameteren |utgivelsessted= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
Referansar