Norske kulturbygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske kulturbygg var ein samarbeids- og tenesteorganisasjon for lagsbruka i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, for ungdomshusa i Noregs Ungdomslag og eit kompetansesenter for organisasjonseigde kulturbygg / kulturarenaer.

Norske kulturbygg var ei vidareføring av organisasjonen som vart skipa som «Lagsbruksnemnda» i 1949 og vart ein frittståande organisasjon under namnet «Lagsbruksamskipnaden» frå 1979. Namnet vart endra til «Norske Lagsbruk» i 1997 og til «Norske kulturbygg» i 2009.

På ekstraordinært årsmøte 13. oktober 2012 vedtok årsmøtet å leggje ned organsisasjonen innan utgangen av året. Ved avviklinga var to landslag – Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag (med meir enn 300 ungdomshus) – og seks lagsbruk medlemmer i organisasjonen. Blant desse lagsbruka var kaffistovene og bondeheimane.

Vi skal vere best på å gje folk i by og bygd det gode organisasjonseigde kulturbygget. – Ein trygg, inkluderande og rusfri samlingsstad for alle.

Norske kulturbygg sin visjon, vedteken 2009.

Hovudkontoret låg i Oslo. Siste daglege leiar er Anders Slaatsveen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]