Norske nettaviser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske nettaviser er jamleg oppdaterte nettenester med norsk tilknyting som tilbyr avisstoff, typisk nyhende og annonsar. Dei kan vera ein sjølvstendig teneste eller høyra til ei tradisjonell norsk papiravis. Dei fleste nettavisene er gratis tilgjengelege.

Dei første nettavisene i Noreg blei lanserte i mars 1995. Musikkavisa Panorama, blei opna 1. mars som ei rein nettavis. 6. mars opna nettutgåva av lokalavisa Brønnøysunds Avis, og 8. mars kom Dagbladet si nettutgåve, Dagbladet.no.[1] I dag har ein stor del norske aviser også ein nettutgåve.

Fem av dei ti mest vitja norske nettstadene på topplista til TNS Gallup i 2009 var nyhendetenestene til Dagbladet.no, VG Nett, NRK.no, Aftenposten.no og Nettavisen. Det var eit unikt fenomen på verdsbasis at nettstader med redaksjonelt innhald var så populære. Til samanlikning viste nettstatistikken til Alexa at berre eit av dei tjue mest vitja nettstadene i USA var redaksjonelt. Det var CNN.com på 18. plass.[1]


Namn Tilknyting/type Nettstad
ABC Nyheter Landsdekkande http://www.abcnyheter.no/
BA Bergensavisen, Bergen http://www.ba.no/
Bergen Byavis Bergen http://www.bergen-byavis.no/
Banett.no Brønnøysunds Avis, Brønnøysund http://www.banett.no/
Budstikka.com Søgne og Songdalen http://budstikka.com/
Båtens Verden Båtliv http://www.batensverden.com/
Dagbladet.no Dagbladet http://www.dagbladet.no/
Digi.no Teknologi http://www.digi.no/
E24 Landsdekkande http://e24.no/
Firda Førde http://www.firda.no/
Forskning.no Forskingsnytt http://www.forskning.no/
Fri tanke Human-Etisk Forbund http://www.fritanke.no/
Hammerfest.nu Hammerfest http://hammerfest.nu/
Herøynytt Herøy og omland http://www.heroynytt.no/
ibergen Bergen http://www.ibergen.no/
iSorreisa.no Sørreisa http://isorreisa.no/
ITavisen Landsdekkande http://www.itavisen.no/
Koordinatoren Landsdekkande http://www.koordinatoren.com
Liernett.no Lier http://www.liernett.no
NA24 Oslo http://www.na24.no/
Nettavisen Landsdekkande http://www.nettavisen.no/
Nettmagasinet Folkepressen.no Landsdekkande http://www.folkepressen.no/
Nordens nyheter Økonomisaker, Norden http://www.nordensnyheter.no/
The Norway Post Engelskspråkleg http://www.norwaypost.no/
NRK Nyheter NRK http://nrk.no/
Panorama Musikk http://www.panorama.no/
Stavangeravisen Stavanger http://www.stavangeravisen.no/
Sunnhordland Sunnhordland http://www.sunnhordland.no/
Tromsø By Tromsø http://tromsoby.no/
Vesterålen Online Sortland http://www.vol.no/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]