Norske pengesetlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk verdipapir frå 1695.
Dansk-norsk pengesetel verd 10 riksdalar frå 1778.
Pengesetel for 12 skilling frå 1810.
Femkronesetel frå 1955
Hundrekronesetel frå 2017

Norske pengesetlar er verdipapir som er eller har vore brukt som betalingsmiddel i Noreg. I dag blir setlar og myntar med påskriven verdi i norske kroner brukt som vanlege kontantar i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1877, etter etableringa av den skandinaviske myntunionen, og fram til i dag, har norske pengesetlar omfatta 1000-, 500-, 100- og 50-kronesetlar. I 1994 vart den første 200-kronesetelen utgjeve. 5- og 10-kronesetlar var òg i nytte frå 1877, men vart erstatta med myntar i 1963 og 1983.

Under første og andre verdskrigen og etterkrigsåra i 1917–1925 og 1940–1950 var det mangel på vekslepengar, og 1- og 2-kronesetlar vart trykt som «skiljemyntsetlar». Den første utgåva vart ugyldiggjort i 1926, medan den andre utgåva formelt sett var gyldig heilt til 1999. For fleire detaljar sjå avsnittet om historiske norske pengesetlar nedanfor.

Norske setlar som er gyldige betalingsmiddel[endre | endre wikiteksten]

50-kronesetel[endre | endre wikiteksten]

50-kronesetelen (1996) viser eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885). Sidan 1999 har serienummeret vore trykt med ultrafiolett fluorescens. Setelen vart i 2003 oppgradert med brei sikkerheitstråd og små gule sirklar.

Føre utgåva (1984), som blei ugyldig frå 28. januar 2008, viste diktaren og målmannen Aasmund Olavsson Vinje (1818-1879). Dette var den første norske pengesetelen som viste det nynorske landsnamnet Noreg. Ein vidjespenning var blant dekorelementa på setelen.

100-kronesetel[endre | endre wikiteksten]

100-kronesetelen (1995) viser sopranen og operadirektøren Kirsten Flagstad (1895-1962). I 2003 vart denne setelen oppgradert med ei holografisk stripe av metallfolie, trykt med perlemoreffekt og små gule sirklar.

Førre utgåva (1979), som var ugyldig frå 15. september 2008, viste forfattaren og kvinnesakskvinna Camilla Collett (1813-1895). Collett erstatta broren Henrik Wergeland på 100-kronesetelen, som hadde vore hovudmotivet sidan 1949. Dette var den første norske pengesetelen med bilde av ei kvinne.

200-kronesetel[endre | endre wikiteksten]

Etter sterk inflasjon gjennom 1970- og 1980-talet, trengde ein ein valør mellom 100 kroner og 1000 kroner i tillegg til den på 500 kroner.[1] Den første norske 200-kronesetelen vart utgjeven i 1994. Han har bilde av forskaren og oppfinnaren Kristian Birkeland (1867-1917). I 2002 vart denne setelen oppgradert med ein holografisk stripe av metallfolie, trykt med perlemoreffekt og små gule sirklar.

Framsida av 200-kronesetelen viser eit portrett av Kristian Birkeland mot eit stilisert mønster av nordlys og ein kjempemessig snøkrystall. Birkeland sitt terrella-eksperiment, som bestod av ei lita, magnetisert kule som skulle førestille jorda opphengt i vakuum i ei kasse, er vist til venstre.

Baksida av 200-kronesetelen viser eit kart over nordpolområdet med Skandinavia til høgre og det nordlege Canada til venstre. Ein ring omkring den magnetiske nordpolen (nær Resolute i Canada) indikerer plasseringa av nordlysfenomena, mellom dei den satellittbestemte statistiske posisjonen av Birkelandstraumar. Birkeland si opphavlege avbilning av feltretta straumar publisert i 1908 er vist nede til høgre.

500-kronesetel[endre | endre wikiteksten]

500-kronesetelen (1999) viser forfattaren og nobelprisvinnaren Sigrid Undset (1882-1949). Setelen inneheld ei holografisk stripe av metallfolie og andre sikkerhetselement.

Føre utgåva (1991), som enno er i sirkulasjon, viser den verdskjende komponisten og pianisten Edvard Grieg (1843-1907)

Bruken av 500-kronesetlar og 200-kronesetlar har auka i seinare år, særleg etter at dei vart innført i minibankar. Tilsvarande har 100-kronesetlar vorte delvis fortrengde frå minibankar og bruken har gått ned.[2].

1000-kronesetel[endre | endre wikiteksten]

1000-kronesetelen (2001) viser kunstnaren Edvard Munch (1863-1944). Setelen inneheld ei holografisk stripe av metallfolie og andre sikkerheitselement.

Føre utgåva (1989), som enno er i sirkulasjon, viser grunnlovsfaren Christian Magnus Falsen (1782-1830).

Den mest verdifulle norske pengesetelen har alltid vore 1000-kronesetelen, men verdet på setelen har vorte desimert opp gjennom åra. På 100 år frå 1904 til 2004 har verdet av 1000 kroner gått ned til 1/55 av det han var, frå meir enn 4000 brød til mindre enn 70 brød. (Prisen på eit brød i 2004 var omtrent 15 kroner, og konsumprisindeksen i nemnde periode auka frå 2,0 til 113,3.[3]) I dag kan det synast uforståeleg at det skulle vere nytte for så store setlar for over 100  år sidan.

Historiske,norske pengesetlar[endre | endre wikiteksten]

Alle norske setlar utskrivne sidan 1877 er lista opp nedanfor i omvendt kronologisk rekkjefølgje. Setlane er utgjevne i seriar som byrja med serie I i 1877 og gjekk inn i serie VII frå 1994. I 2005 er serie VII og serie VI gyldige, sjølv om serie VI er delvis ute av sirkulasjon.

Verdskrigane skapte både eit stort behov for kontantar og ein mangel på metall til å lage myntar av. I 1917 vart det vedteke ein ny lov som opna for 1-krona og 2-krona «skiljemyntsetlar» som svar på ein førespurnad frå Noregs Bank til Finansdepartementet:

Norges Banks direktion har i en skrivelse av 8de september 1917 meddelt departementet, at mangelen paa skillemynt nu er blit likefrem utaalelig. Den ene bedrift efter den anden klager over, at de ikke kan skaffe sine arbeidere den bestemte løn, og handelsmændene kan ikke veksle kundernes pengesedler.[4] Deretter vart skiljemyntsetlar trykt fram til 1925, men vart gjort ugyldige allereie i 1926 då økonomien hadde stabilisert seg etter første verdskrigen.

Skiljemyntsetlar på 1 krone og 2 kroner vart òg trykt under andre verdskrigen (1940−45) og fram til 1950. Desse vart ikkje gjort ugyldige etter krigen. Likevel vart heile serie II som var trykt i perioden 1901−45 gjort ugyldig 9. september 1945, og dei som ikkje kunne gjere tilfredsstillande greie for kontantbehaldninga fekk berre avgrensa kompensasjon i nye pengar. Dette vart gjort for å avgrense verknaden av krigsprofitering.

5-krona- og 10-kronesetlar var i bruk frå 1877, men vart erstatta av myntar i høvesvis 1963 og 1983 basert på kost-/nytteanalyser.

Bortsett frå dei første skiljemyntsetlane i 1926 og serie II setlane i 1945 var alle norske setlar frå serie I til og med serie V, inkludert 5- og 10-kronesetlar og dessutan skiljemyntsetlane frå andre verdskrigen, formelt sett gyldige – dvs mogleg å veksle inn i Noregs Bank – heilt fram til 1998 (serie I) og 1999 (serie III, IV, V, og dei siste skiljemyntsetlane). 1000- og 500-kronesetlane frå serie V var gyldige til høvesvis 2001 og 2002.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Norske pengesetlar