Norske plantefargar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norske plantefargar
Forfattar(ar)Johanne Nylænd og Rikard Berge
SjangerSakprosa
Utgjeven1904
NasjonalitetNorsk
Sider32

Norske plantefargar er ei samling norske oppskrifer på plantefarging til garn utarbeidde av Johanne Nylænd (1855-1930) frå Rauland. Boka kom fyrste gong ut i 1904 og var redigert og utgjeven av Rikard Berge. Berge skreiv også føreord til boka, både til fyrsteutgåva, og til andreutgåva som kom i 1923. Nylænd hadde vore kringom og samla opplysningar hjå eldre kunnige folk. I føreordet skreiv Berge at den gamle kunnskapen om dette var på veg ut, kjøpefargane hadde teke over. «Dei gamle hadde ein fargesmak so skir og fin, so frisk og glad, at me med skam må segja me no med alle våre nymotens heimførde fargar fer berre klattar med sjuklege, tunlege avlitir. Å få uppatt denne gode fargesmak er difor også ei uppgåve som kvar for seg lyt taka upp til løysing.»

1923-utgåva kom i nytt opplag i 1926. So kom ikkje boka ut att før i 1976 då Det Norske Samlaget sende ut ei tredje utgåve med eit tillegg skriven av Ingebjørg Vaagen på grunnlag av arbeid av Sunniva Lønning. Etter at andreopplaget av 1976-utgåva, som kom i 1978, vart seld ut har ikkje boka vore i sal.

Oppskrifter[endre | endre wikiteksten]

I hovudbolken i boka er det oppskrifter med desse plantene:

I eit tillegg er det teke med nokre oppskrifter på gamle fargar som anten ikkje er norske, eller ikkje er berre norske, eller ikkje er plantefargar. Dei er:

  • Krapp
  • Kochenille
  • Oljeblått
  • Brissel
  • Potteblått
  • Sinder

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Johanne Nylænd: Norske plantefargar, tredje utgåva, andre opplaget, 1978. Det Norske Samlaget, Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]