Norske samferdsleministrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norske samferdselsministrar)

Norske samferdsleministrar er ei oversikt over statsrådar som har vore medlem av regjeringa og sjef for Samferdsledepartementet, frå dette vart oppretta i 1946.

Det er eigenleg berre statsministeren og utanriksministeren som har tittelen minister. Men i daglegtale blir minister brukt om alle statsrådane.

Den første samferdsleministeren i Noreg var Nils Langhelle frå Arbeidarpartiet, som medlem i Einar Gerhardsen si andre regjering frå 1946 til 1952. Han er per i dag den samferdselsministeren som har sete nest lengst, like bak Kjell Opseth, også frå Arbeiderpartiet.

Oversikta viser kva periode statsråden hadde posisjonen, kva parti statsråden representerte og i kva regjering statsråden var medlem.

Namn Frå Til Parti Regjering
Nils Langhelle 22. februar 1946 5. januar 1952 Arbeidarpartiet Gerhardsen 2 (Ap)
Jakob Martin Pettersen 5. januar 1952 22. januar 1955 Arbeidarpartiet Oscar Torp si regjering (Ap)
Kolbjørn Varmann 22. januar 1955 23. april 1960 Arbeidarpartiet Gerhardsen 3 (Ap)
Trygve Bratteli 23. april 1960 28. august 1963 Arbeidarpartiet Gerhardsen 3 (Ap)
Lars Leiro 23. august 1963 25. september 1963 Senterpartiet Lyng (H, Sp, V, Krf)
Trygve Bratteli 25. september 1963 17. januar 1964 Arbeidarpartiet Gerhardsen 4 (Ap)
Erik Himle 17. januar 1964 12. oktober 1965 Arbeidarpartiet Gerhardsen 4 (Ap)
Håkon Kyllingmark 12. oktober 1965 17. mars 1971 Høgre Borten (Sp, H, V, KrF)
Reiulf Steen 17. mars 1971 18. oktober 1972 Arbeidarpartiet Bratteli 1 (Ap)
John Austrheim 18. oktober 1972 16. oktober 1973 Senterpartiet Korvald (KrF, Sp, V)
Annemarie Lorentzen 16. oktober 1973 15. januar 1976 Arbeidarpartiet Bratteli 2 (Ap)
Ragnar Christiansen 15. januar 1976 11. oktober 1978 Arbeidarpartiet Nordli (Ap)
Asbjørn Jordahl 11. januar 1978 8. oktober 1979 Arbeidarpartiet Nordli (Ap)
Ronald Bye 8. oktober 1979 14. oktober 1981 Arbeidarpartiet Nordli (Ap)
Bruntland 1 (Ap)
Inger Koppernæs 14. oktober 1981 8. juni 1983 Høgre Willoch 1 (H)
Johan J. Jakobsen 8. juni 1983 9. mai 1986 Senterpartiet Willoch 2 (H, Sp, KrF)
Kjell Borgen 9. mai 1986 13. juni 1988 Arbeidarpartiet Bruntland 2 (Ap)
William Engseth 13. juni 1988 16. oktober 1989 Arbeidarpartiet Bruntland 2 (Ap)
Lars Gunnar Lie 16. oktober 1989 3. november 1990 Kristeleg Folkeparti Syse (H, KrF, Sp)
Kjell Opseth 3. november 1990 25. oktober 1996 Arbeiderpartiet Bruntland 3 (Ap)
Sissel Rønbeck 25. oktober 1996 17. oktober 1997 Arbeidarpartiet Jagland (Ap)
Odd Einar Dørum 17. oktober 1997 15. mars 1999 Venstre Bondevik 1 (V, KrF, Sp)
Dag Jostein Fjærvoll 15. mars 1999 17. mars 2000 Kristeleg Folkeparti Bondevik 1 (V, KrF, Sp)
Terje Moe Gustavsen 17. mars 2000 19. oktober 2001 Arbeidarpartiet Stoltenberg 1 (Ap)
Torild Skogsholm 19. oktober 2001 17. oktober 2005 Venstre Bondevik 2 (H, V, KrF)
Liv Signe Navarsete 17. oktober 2005 20. oktober 2009 Senterpartiet Stoltenberg 2 (Ap, SV, Sp)
Magnhild Meltveit Kleppa 20. oktober 2009 18. juni 2012 Senterpartiet Stoltenberg 2 (Ap, SV, Sp)
Marit Arnstad 18. juni 2012 16. oktober 2013 Senterpartiet Stoltenberg 2 (Ap, SV, Sp)
Ketil Solvik-Olsen 16. oktober 2013 31. august 2018 Framstegspartiet Solberg (H, Frp)
Jon Georg Dale 31. august 2018 i dag Framstegspartiet Solberg (H, Frp, V)

Bilete av nokre av samferdsleministrane[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]