Norskregistrert utanlandsk føretak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norskregistrert utanlandsk føretak (NUF) er ein norsk filial av eit utanlandskregistrert selskap. I denne samanhengen må det skiljast mellom «utanlandsk selskap» i selskapsrettsleg og skatterettsleg forstand. NUF er norske avdelingar av utanlandske selskap i ein selskapsrettsleg forstand, og kan difor godt vera skattemessig tilhøyrande til Noreg. Ordninga vert nytta av fleire større selskap som driv på tvers av landegrensene. Innføringa av selskapsforma NUF i norsk selskapsrett var eit resultat av EØS-avtala, sidan fri etableringsrett på tvers av landegrenser er eit prinsipp i EU-retten.

Om registreringsprosessen[endre | endre wikiteksten]

Når eit NUF vert registrert, vert avdelinga gjeve eit norsk organisasjonsnummer på lik linje med eit vanleg norsk selskap og det vert utskrive ein pseudofirmaattest som viser namn på føretaket, styre, signaturrett og annan liknande, grunnleggjande informasjon. Likevel vert ikkje den norske avdelinga (NUF-et) eit eige rettssubjekt. Det er enno det utanlandske selskapet i juridisk forstand, som no opererer i Noreg under eit eige organisasjonsnummer.[1]

NUF vert òg nytta som organisasjonsform av norske næringsdrivande for å unngå krava om revisor (jfr. konkurranseulemper) og aksjekapital på minimum 30 000 kroner som gjeld norske aksjeselskap. Desse selskapa er oppretta utelukkande for å driva verksemd i Noreg, noko som òg får konsekvensar for skatterettsleg handsaming. Dei vert gjerne omtalt som «norske NUF» i motsetnad til «reelle NUF», som er utanlandske selskap med filial i Noreg, men med hovudkontor og drift i annan stat.

Eit NUF kan ha eit eige namn på den norske avdelinga som godt kan avvika frå det utanlandske. Viss namnet avvik frå namnet til hovudselskapet, må namnet til avdelinga ikkje eignast til å villeia eller skapte fare for forveksling. Av denne grunnen vil Foretaksregisteret normalt avvisa avvikande filialnamn dersom det inneheld ei oppgjeving av selskapsform. Til dømes kan eit selskap med namn Roundtable Ltd såleis kalla sin filial Rundebord, men ikkje Rundebord Ltd fordi dette kunne forvekslast med andre utanlandske føretak. Det er heller ikkje tillate å kalla det Rundebordet AS sidan det vil gje inntrykk av at det har ein anna organisasjonsform enn det reelle.

Kvar og ei selskapsform frå kvart og eit av land anerkjende av Noreg kan registrera ein filial i Noreg. I praksis er det rett nok filialar av engelske limited-foretak som har dominert dei siste åra. Òg andre stadar med gunstige selskapsregler er ettertrakta, men det pågår for tida utgreiingar om i kva grad norskkontrollerte selskap utanfor EØS ikkje skal kunna etablera seg som NUF.

Styreansvar i NUF[endre | endre wikiteksten]

Normalt vil eit NUF og det utanlandske hovudselskapet ha same styre. Dersom einskildpersonar sit i styret berre i den norske avdelinga, er ansvaret dei har for drifta til selskapet og forpliktingar (til dømes forseinkingsgebyr ved for sein innlevering av rekneskap) ikkje fullt ut avklart.[2]

Konkurs i NUF[endre | endre wikiteksten]

Eit NUF er ikkje eit sjølvstendig rettssubjekt og kan difor ikkje gå konkurs. Konkurs kan endå opnast i hovudeininga i utlandet. Dersom hovudeininga i realiteten har hovudsete i Noreg, kan konkurs verta opna her. Rettsevna til NUF-ar vart endeleg avklart med høyesterettsdom i 2008.

Utviklinga av NUF[endre | endre wikiteksten]

Talet på NUF i Noreg hadde ein sterk vekst etter tusenårsskiftet. I første kvartal 2010 vart det starta noko over 1 350 NUF. Dette var ein auke på 33 % i høve til tilsvarande periode i 2009. Tala kom fram etter ein gjennomgang Finansavisen gjorde av nye selskap registrert i Brønnøysundregistrene i denne perioden. Gjennomgangen viste òg at NUF utgjorde 18 % av alle nystarta selskap, tilsvarande nær kvar femte nyetablering. Ved utgangen av 1. kvartal 2010 eksisterte det 30 000 NUF i Brønnøysundregistra.

Etter endringar i aksjeselskapslovgjevinga i 2011 og 2012 viser tendensen at selskapsforma NUF er vorten mindre populær. Talet på nyregistreringer var i januar halvert i høve til tilsvarande periode året før, og det ser ut som at nyetablerte verksemder i større grad vel norsk aksjeselskap med minsteinnskot som organisasjonsform. Lovendrinaene og dei påfølgjande endringane blant nyregistrerte verksemder kan sjåast i samanheng med Europadomsstolen si uttalte målsetning om at statane skal konkurrera om å tilby gunstige vilkår i sine selskapslovgjevingar (Inspire Art-domen).

Årsaka til eksplosjonen av NUF-registreringar ligg først og fremst i den såkalte etableringsfridomen innanfor EØS. I 1999 slo EU-domstolen fast at kvar EØS-borgar har rett til å etablera sitt eige selskap i det landet innanfor EØS dei måtte ynskja, uavhengig av kva for eit land selskapet skal driva verksemd i. Danmark, som hadde nekta slike registreringar der det ikkje var noka verksemd utanfor Danmark, tapte saka, og startskotet gjekk for ei rivande utvikling innan europeisk selskapsrett der selskapregistreringar over landegrensene innover i EØS har vorte meir og meir vanleg. Mange observatørar meiner at Europa i raske steg er på veg mot ein situasjon tilsvarande den i USA, der det i praksis er vanleg å velja heilt andre registreringsstatar enn der ein planlegg å driva verksemd.

Utviklinga vart i si tid driven fram av ein liten handfull aktørar som satsa stort på marknadsføring av selskapregistreringar over landegrensene innover i EØS.

Noreg har lenge vore blant dei landa som, saman med Tyskland og Nederland, ligg lengst framme i denne utviklinga. Blant årsakene til det særlege store omfanget utanlandskregistrerte føretak fekk i Noreg, var truleg det at NUF slapp både aksjekapital og revisjonsplikt og dermed vart vesentleg rimelegare å starta og driva. Nyare endringar i aksjeloven med fleire har søkt å eliminera desse spesielle fordelene. Som følgje av bekymring rundt utviklinga, bad regjeringa Skattedirektoratet og Finansdepartement greia ut situasjonen. Departementet erkjende at Noreg ikkje kunne forby denne typen registreringar, og høyringsinstansane var difor i utgangspunktet avgrensa til å vurdera rammene for NUF i Noreg.

Høyringsrunden gav overraskande få negative tilbakemeldinger på NUF, med unntak blant anna av kommentarane til revisorsamskipnaden. Som følgje av dette vedtok finansdepartementet at fritaket frå revisjonsplikta for små NUF skulle oppretthaldast.

Konkurranseulemper for norske AS[endre | endre wikiteksten]

Etter at Noreg reduserte minstekravet til aksjekapital til kr 30 000 og, som eitt av dei siste landa i Europa, oppheva revisjonsplikta for små aksjeselskap, er fortrinna NUF har hatt framfor norske aksjeselskap vorte vesentleg redusert.

Forslag om forbod mot NUF utanfor EU-området[endre | endre wikiteksten]

For å leggja til rette for betre kontroll med verksemder som vert drivne gjennom norskregistrerte utanlandske foretak (NUF) føreslo skatteunndragelsesutvalget 24. februar 2009 at selskap som er stifta i eit land utanfor EU-området, nektast registrering i Noreg dersom dei ikkje driv reell verksemd i stiftingslandet og dersom selskapet har sitt reelle hovudsete i Noreg.[3] I praksis medfører dette at NUF som er norske avdelingar av utanlandske selskap i selskapsrettsleg forstand, ikkje kan registrerast med hovudselskap utanfor EU-området, dette vil blant anna stenga ute Seychellane til dette føremålet. Dette vil ha små konsekvensar då tilnærma alle hovudselskap per tida vert registrert i Storbritannia.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. www.norskføretaksteneste.no, arkivert frå originalen 20. april 2017, henta 14. januar 2018 
  2. Handbok I NUF, arkivert frå originalen 28. juli 2009, henta 14. januar 2018 
  3. Pressemelding frå skatteunndragelsesutvalget 24. februar 2009