North Auckland Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av North Aucland Peninsula. Nede til høgre ligg den mindre halvøya Coromandel Peninsula. Foto: NASA

North Auckland Peninsula, (norsk: Nord-Aucklandhalvøya) ofte berre kalla Northland Peninsula, er ei halvøy som ligg heilt i nord på NordøyaNew Zealand. Halvøya vert ofte tenkt på som regionen Northland, men er ikkje det same området. Regionen Northland dekkjer om lag 80 % av den nordlegaste delen av halvøya, resten er administrativt ein del av Regionen Auckland.

Den nøyaktige lengda av halvøya er vanskeleg å fastslå ettersom ein kan tenkja seg fleire stader som kan danna avgrensinga mot sør. Regionen Northland byrjar i sør på ei avsmaling av halvøya nær byen Wellsford, der halvøya har den minste breidda sin på berre 15 kilometer.

Der er likevel to stader lenger mot sør der halvøya si breidde er langt smalare. Desse ligg begge innanfor området til byen Auckland. Vest for byen dannar munningen til elva Whau River ein arm i hamna Waitemata Harbour som berre ligg to kilometer frå sjøen i hamna Manukau Harbour på vestkysten. Nokre få kilometer mot søraust ligg eidet ved Otahuhu. Her ligg ein arm av Haurakigolfen på austkysten berre 1200 meter frå sjøen i Manukau Harbour. Dersom ein set grensa her, ville storparten av Auckland City høyra til halvøya.

Sjølv om dette kan vera det mest logiske punktet å sjå på som byrjinga til halvøya, vil få newzealandarar vera samde i at Auckland høyrer til Northland Peninsula. Dei tenkjer heller på dette området mellom Otahuhu og munningen til elva Whau som «Aucklandeidet», (The Auckland Isthmus). Går ein ut frå dette, vil halvøya strekkja seg 285 kilometer mot nordvest frå der ho heng saman med resten av Nordøya, og får ei største breidde på 85 kilometer. Halvøya er ganske forgreina, ettersom mange mindre halvøyer spring ut frå henne. Dei siste 100 kilometrane består av halvøya Aupouri Peninsula - ei halvøy på ei halvøy - som smalnar inn til berre om lag ti kilometer i breidde.

I nordenden har Aupouri Peninsula fleire nes som alle har vore rekna som det nordlegaste på Nordøya: Cape Maria van Diemen, Cape Reinga, North Cape, og Surville Cliffs. Det sistnemnde er det rette, med ein breiddegrad på 34° 23' 47" S.

Eit stykke nordover på vestkysten til North Auckland Peninsula, mot Tasmanhavet, ligg den store naturlege hamna Kaipara Harbour, ei av dei største av dette slaget i verda. Ho strekkjer seg om lag 65 kilometer i retning nord-sør. Lenger nord ligg ei mindre naturleg hamn, Hokianga Harbour, som er av historisk og kulturell interesse på New Zealand, særleg for dei innfødde māorifolka. Ein annan historisk stad på Northland Peninsula er Waitangi og den nærliggjande havbukta Bay of Islands. Dette var ein viktig busetnad i den tidlege kolonitida på New Zealand, og var staden der Waitangitraktaten vart underskriven. Dette er sett på som grunnleggingsdokumentet til den newzealandske nasjonen.

Den største busetnaden på halvøya (når ein ser bort frå delar av Auckland) er Whangarei, som ligg ved ei naturleg hamn som vender seg mot Stillehavet, i nærleiken av den breiaste delen til halvøya.