North Country Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
North Country Blues
Song av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 6. august 1963
Sjanger Vise
Lengd 4:35
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«North Country Blues» er ein song av Bob Dylan, gjeve ut på det tredje studioalbumet hans, The Times They Are a-Changin' i 1964. Han framførte òg songen på Newport Folk Festival i 1963.

Songen har eit tilsynelatande enkelt format (ti vers på ABCB-rimskjema) akkompagnert med berre to akkordar (Cm og B). Teamet verkar å ha vore inspirert av Woody Guthrie om det harde livet i eit gruvemiljø som til slutt forsvinn. Kvar det er snakk om vert ikkje nemnt, men det var slike gruvestader i Minnesota, der Dylan voks opp.[1]

Det kjem ikkje fram før mot slutten av det fjerde verset at forteljaren i soga er ei kvinne. Songen endar trist då kvinna har mista ektemann, foreldre og broren, medan gruva er nedlagd og byen nesten tom, og snart vil barna hennar reise frå ho så ho blir heilt aleine og isolert.

I 1968 spelte Joan Baez inn ein versjon av «North Country Blues» på hyllestalbumet hennar til Dylan, Any Day Now.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Epstein, Daniel Mark (2011) The Ballad of Bob Dylan: A Portrait. Harper