Nord-Dakota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå North Dakota)
Nord-Dakota
North Dakota
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Bismarck
Areal 183 112 km²
 - land 178 647 km²
 - vatn 4 465 km²
Folketal 755 393  (2017)
Folketettleik 4 / km²
Guvernør Doug Burgum (R)
Før innlemming Dakota-territoriet
Innlemma i USA 2. november 1889
Statsnummer 39. eller 40.
Forkorting ND
Kart
Nord-Dakota
47°30′N 100°30′W / 47.5°N 100.5°W / 47.5; -100.5
Wikimedia Commons: North Dakota
Nettstad: nd.gov
Frå Theodore Roosevelt National Park i Nord-Dakota

Nord-Dakota er ein delstat i den nordamerikanske staten USA. Han ligg i den delen av USA som vert kalla Midtvesten og har grense mot Minnesota i aust, Sør-Dakota i sør, Montana i vest og mot Canada i nord. Den vestlege halvdelen av staten er òg ein del av The Great Plains. Hovudstaden er Bismarck, medan den største byen er Fargo. University of North Dakota ligg i byen Grand Forks, medan North Dakota State University ligg i Fargo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nord-Dakota var opphavleg busett av mandanfolk. Nybyggarane busette seg seinare og nokre av desse var mellom anna nordmenn. I dag har 30 % av befolkninga norske anar. Nord Dakota vart opptatt som den 39. delstaten i USA den 2. november 1889. På 1800-talet vart Nord-Dakota rekna som ein del av den ville vesten. Tidlegare var staten ein del av Dakota-territoriet (oppkalla etter dei innfødde dakotafolka).

Hovudbyar i Nord-Dakota[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Missouri renn gjennom den vestlege delen av delstaten, og dannar innsjøen Lake Sakakawea. Den vestlege delen av staten har eit kupert landskap, og har naturressursar som kol og olje. I aust har Red River of the North forma Red River Valley. Denne regionen er eit fruktbart jordbruksområde. Landbruk har lenge dominert økonomien og kulturen i Nord Dakota.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Nord-Dakota har det sjuande største jordbruksarealet i USA, med fokus på kornproduksjon - kveite, mais og soyabønner. Med 1,9 millionar storfe er staten mellom dei større kjøttprodusentane i USA. Gardsbruka er relativt store, slik at behovet for landbrukssubsidiar er mindre enn i mange andre av dei store amerikanske jordbruksstatane. Nord-Dakota har den nest største bygg-produksjonen og har den største produksjonen av kveite i USA.

Økonomiske nøkkeltal verdi % av BNP År. kjelde
BNP 26,4 mrd US$ 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US
Arbeidsløyse 3,2% 2006, Labor Dept, Bureau of Labor Statistics, US
Andel fattige 11,3% 2005-06, Commerce Dept, Bureau of the Census, US
Inntekt pr innb 32.552 US$ 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US

Kilde: The World Almanac 2008, side 45 og 555-587.

Kjente personar fødde i Nord-Dakota[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.