Northamptonshire
Utsjånad
| Northamptonshire | |||
| grevskap | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Aust-Midlands | ||
| Areal | 2 364 km² | ||
| Folketal | 685 000 (2008) | ||
| Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
![]() Northamptonshire 52°18′N 0°48′W / 52.3°N 0.8°W | |||
| Wikimedia Commons: Northamptonshire | |||
Northamptonshire (tidlegare County of Northampton, forkorta Northants. eller N/hants) er eit grevskap i engelske Aust-Midlands med kring 685 000 innbyggjarar. Det grensar til Warwickshire i vest, Leicestershire i nord, Rutland i nord, Cambridgeshire (inkludert byen Peterborough) i aust, Bedfordshire i søraust, Buckinghamshire (inkludert Milton Keynes) i sør, Oxfordshire i sørvest og Lincolnshire (den kortaste grevskapsgrensa i England på 19 m) i nrodaust. Administrasjonsbyen er Northampton.
Peterborough høyrte historisk sett til Northamptonshire, men vart i 1888 eit eige grevskap, og så i 1974 ei sameint styresmakt i Cambridgeshire.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Northamptonshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.

