Northern Whig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Northern Whig
TypeAvis
Grunnlagd1832
Nedlagd1963

Northern Whig (frå 1919 Northern Whig and Belfast Post) var ei irsk regional avis som kom ut i Belfast frå 1832, då avisa vart til etter opptak frå John Arnott. Frå starten gjekk avisa for å vera radikal, men dei politiske kontroversane om Home Rule for Irland dreiv avisa til å verta ei unionistisk avis etter 1885.[1] Namnet Northern Whig er ei oppkalling etter The Northern Whig Club som var møtestad for hovudsakleg protestantiske anti-britiske radikalarar i United Irishmeni nokre år frå 1791. Avisa kom fyrst ut måndagar og torsdagar til 1849, då avisa gjekk over til utgjevingar tysdag, torsdag og laurdag. Frå 1858 vart The Northern Whig dagsavis.[2]

I 1922 flytta avisa sine redaksjonslokale til Bridge street, sentralt i Belfast, og der vart dei verande til avisa gjekk inn i september 1963.[2] Under den tunge tyske bombinga av Belfast («Belfast blitz», 15. april 1941) vart Bridge street nærmast bomba flat, og redaksjonslokale vart øydelagde. Prenteverka til to andre av Belfastavisene vart ogso øydelagde, men både Northern Whig, The News Letter og den nasjonalistiske konkurrenten Irish News kunne koma ut att utan opphald, etter praktiske handslag frå Belfast Telegraph.[3]

Frå avisa gjekk inn i 1963 til 1997 var dei gamle redaksjonslokala kontorbygg. Då bygget rehabilitert og bygd om til pub med namnet The Northern Whig. Avisa gjekk inn rett i etterkant av ein streik frå National Union of Journalists, og opphøyret av Northern Whig skal ha skapt eit traume i avisbransjen i Belfast som vara gjennom 1960-åra.[4]Det er hevda at avisa då hadde hatt langvarig arbeidskonflikt.[5] Journalistane i Belfastavisene hadde tradisjonelt ikkje vore fagorganiserte heilt til 1947, då "Belfast and district branch" av (britiske) National Union of Journalists vart skipa. Northern Whig-leiinga, saman med leiingane for alle dei tre andre dagsavisene ville kvela fagorganiseringa frå starten, og nekta kategorisk å ha med fagforeininga å gjera.[6] Det var ein posisjon dei ikkje greidde å halda lenge. Då Northern Whig gjekk inn i september 1963, handla striden med fagforeininga om noko heilt anna - fagforeininga streika mot reduksjon av den redaksjonelle staben. I historieboka til konkurrenten Belfast Telegraph vart dette omtala som "a disatrous dispute between its owners, the Cunningham family and the National Union of Journalists."[7]

Politisk orientering[endre | endre wikiteksten]

Redaksjonelt var avisa unionistisk etter omlag 1885, og vart rekna for å vera presbyteriansk orientert. Fram til 1963 var Northern Whig ei av tre unionistiske dagsaviser i Belfast, dei andre to var The News Letter og Belfast Telegraph. Dei tre unionistavisene hadde ein lang periode kvar sin dominerande eigarfamilie Cunningham (Northern Whig), Baird (Belfast Telegraph) og Henderson (News Letter). Av desse tre avisene var Northern Whig rekna for å vera den mest liberale.[4] Northern Whig kunne likevel vera svært skarpt agitatorisk. Då Eamon De Valera vann valet i den Irske fristaten i 1932 prenta dei fylgjande ikkje spesielt forsonlege eller moderate «gratulasjon» på leiarplass:

[...] the destinies of the South today are in the hands of a coterie of Anglophobe agitators with no understanding or experience of government who are driven forward in their extremist policy by a secret organisation who seem quite prepared to go to any length to bring Ulster under the control of the Free State.[8]

I 1920-åra påstod Northern Whig at dei hadde det høgaste opplagstalet av desse tre, med omkring 30000. Men The News Letter ser ut til å ha hatt litt høgare og Belfast Telegraph ser ut til å ha hatt mykje høgare opplag (34000 og over 70000).[9]

Kjende eigarar, redaktørar og journalistar[endre | endre wikiteksten]

Etter andre verdskrigen vart James Glencairn Cunningham eigar og administrerande direktør for Northern Whig. Han hadde og leiande posisjonar i Ulster Unionist Party Medlem i og representerte partiet i senatet i Belfast.

• 19XX-19XX Joseph Robert Fisher, redaktør og unionistisk oppnemnd medlem i Irish Boundary Commission

  • ????? Mervin Pauley, politisk redaktør i The NewsLetter som og arbeidde for Northern Whig
  • ???? Ralph Bossende både NewsLetter og Northern Whig
  • ???+ Jimmy Kennedy Northern Whig og NewsLetter
  • Eigarfamilien Cunningham

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. John Horgan: Irish Media. A critical History since 1922. London, Routledge 2001, s. 24. ISBN 0-415-21641-9
  2. 2,0 2,1 «Northern Whig in British Newspaper Archive». The British Newspaper Archive. 
  3. Malcolm Brodie: The Tele. A history of the Belfast Telegraph. Belfast, The Blackstaff Press 1995, s. 82. ISBN 0-85640-547-7
  4. 4,0 4,1 John Horgan: Irish Media. A critical history since 1922. London, Routledge 2001 s. 22 ISBN 0-415-21641-9
  5. Hugh Oram: Paper tigers. Stories of Irish newspapers by the people who make them. Belfast, Appletree Press i samarbeid med den irske statskringkastinga RTE 1993, s. 68, 67. ISBN 0-86281-439-1.
  6. Brodie 1995, s. 93.
  7. Brodie 1995, s. 125.
  8. Northern Whig, leiarteig - 13. juli 1932.
  9. Horgan, 2002. s. 24.