Northumberlandsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 46°05′N 63°35′W

Map of the Northumberland Strait.

Northumberlandsundet (engelsk Northumberland Strait, fransk détroit de Northumberland) er eit sund i den sørlege delen av Saint Lawrence-bukta aust i Canada. Sundet ligg mellom Prince Edward Island i nord og fastlandet i vest, aust og sør. Den smalaste delen av sundet, den 13 km vide Abegweit Passage i vest, er kryssa av Confederation Bridge.

Den vestlege grensa for sundet er ei linje teikna mellom North Cape på Prince Edward Island og Point Escuminac i New Brunswick. Den austlege grensa er markert av ei linje mellom East Point på Prince Edward Island og Inverness i Nova Scotia. Større busetjingar langs sundet er Charlottetown og Summerside på Prince Edward Island i tillegg til Souris på Prince Edward Island, Pictou i Nova Scotia og Shediac i New Brunswick.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]