Norton-ekvivalent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norton-ekvivalent.

Norton-ekvivalent er ein ein-port-krins som representerer ein meir kompleks krins. Ekvivalentkrinsen er tufta på Notons teorem, som seier at ein vilkårleg lineær krins med ei eller fleire spenningskjelder, straumkjelder og motstandar er ekvivalent med ei ideell straumkjelde i parallell med ein motstand . Straumen frå den indre straumkjelda blir kalla Norton-straumen og motstanden blir kalla Norton-motstaden, eller «den indre motstanden»[1]. Med open utgang er utgangsspenninga .

Norton-ekvivalent med lastmotstand.

At ein vilkårleg krins kan omformast til ein ekvivalent krins med berre to komponentar forenklar i mange samanhengar analysen mykje. Når ein lastmotstand blir kopla til utgangen dannar Norton-motstanden og lastmotstanden ein straumdelar, så når Norton-ekvivalenten og lastmotstanden er kjende kan ein finna straumen gjennom som

.

For å få størst mogeleg straum over lasten må Norton-motstanden vera stor i høve til lastmotstanden: . Om ein kortsluttar utgangen blir .

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. S. Franco, Electric circuits fundamentals, Saunders College Publishing, 1995.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]