Norton Buffalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norton Buffalo
Fødd28. september 1951(1951-09-28)
FødestadOakland i California i USA
Død30. oktober 2009 (58 år)
DødsstadParadise i California i USA
FødenamnPhillip Jackson
OpphavUSA
Aktiv1976–2009
SjangerRock, bluesrock, psykedelisk rock
InstrumentVokal, munnspel, trombone, klaverinstrument, gitar, perkusjon
Tilknytte artistarSteve Miller Band
PlateselskapCapitol, Blind Pig Records
Verka somMusikar, songar–låtskrivar, artist, skodespelar, plateprodusent

Phillip Jackson (28. september 195130. oktober 2009)[1][2] mest kjend som Norton Buffalo, var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, country- og bluesmunnspelspelar, plateprodusent, bandleiar og plateartist.

Tidleg i 1970-åra spelte han i grupper i San Francisco-området som Clover, The Moonlighters leia av Bill Kirchen og Elvin Bishop.

Tidleg i 1976 spelte Buffalo med Commander Cody and His Lost Planet Airmen, og deltok på det siste konsertalbumet deira, We've Got a Live One Here!,[3] Seinare i 1976 drog han på turné med Steve Miller Band.

Seint i 1970-åra skipa Buffalo sitt eige band, The Stampede, og spelte inn to album: Lovin' in the Valley of the Moon og Desert Horizon. I 1977 spelte han munnspel på Bonnie Raitt-albumet Sweet Forgiveness og The Doobie Brothers sitt Livin' on the Fault Line. I 1981 produserte han eit album for Wheatfield. Han var medlem av Mickey Hart-bandet High Noon seint i 1970- og tidleg i 1980-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lovin' in the Valley of the Moon (1977), Capitol Records
  • Desert Horizon (1978), Capitol
  • R & B (1991), Blind Pig Records – med slidegitaristen Roy Rogers
  • Travellin’ Tracks (1992), Blind Pig – med Roy Rogers
  • Here Comes the Rain (1993), Rounder Records – gjesteartist med Laurie Lewis
  • It's in the Air (1993), Summertone – gjesteartist med Merl Saunders & the Rainforest Band
  • In the Third Degree (1996), Mirage Independent – gjesteartist med James Ibold and the Impostors
  • King of the Highway (2000), Blind Pig
  • Christmas Jug Band- Uncorked (2002)
  • Roots of Our Nature (2003), Blind Big – med Roy Rogers
  • The Spirit of Hawaiian Slack Key Guitar (2008), Daniel Ho Creations – med George Kahumoku Jr.
  • From Paradise (2012), Moon Valley Music – med George Kahumoku jr.

Med Elvin Bishop

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norton Buffalo Credits – ARTISTdirect Music». Artistdirect.com. Henta 2. oktober 2020. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 8. februar 2010. Henta 2. oktober 2020. 
  3. We've Got a Live One Here, Commander Cody and His Lost Planet Airmenok, Amazon.com, 1976