Norum skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norafjorden

Norum skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.[1] Skipreidet har fått namn av Norafjorden, likesom kyrkja og sokna med same namn.

Ho femna Norum sokn, Kaupanger sokn og delar av Stedje sokn: Gardane på vestsida av Sogndalselvi nord for Stedje, på austsida nord for Hundøla, og dessutan Kjørnes nede ved Sogndalsfjorden.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1890 vart Norum tinglag oppløyst og lagt til Sogndal tinglag, som deretter var identisk med Sogndal kommune og prestegjeld.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]