Norunn Illevold Giske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norunn Illevold Giske
Norunn Illevold Giske, mars 2015.jpg
Fødd22. april 1935 (87 år)
OpphavNoreg
Verka somdirigent, sangpedagog
Gift medBjørn Giske
BornTrond Giske, Mari Giske
PrisarKongens fortenestmedalje, Trondheim kommunes kulturpris

Norunn Magnhild Illevold Giske (fødd 22. april 1935 Rendalen) er ein norsk songpedagog og kordirigent, busett i Trondheim.[1][2][3] Ho har oppretta og leidd fleire kor. I 2005 vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin.[4]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Som fireåring fekk Giske den fyrste pianoundervisinga av mor si, som var utdanna organist og arbeidet som dette i Rendalen i mange år.[5] Giske har det meste av musikkutdanninga si frå Musikkonservatoriet i Oslo, der ho byrja då ho var 15 år. Ho studerte orgel med Arild Sandvold, klaver med Borghild Bru og song med Morten Vatn.[6] Ho vart uteksaminert i 1956 med orgel, klavar og song som hovudinstrument. I 1958 debuterte ho som skodespelar på Det Norske Teatret, i rolla som Anna i operetten Oh, mein Papa. I 1958–1959 studerte ho song i Wiesbaden i Tyskland, under Paul Lohmann.[6] Ho har òg hatt studieopphald i Stockholm, København og London.[7]

I perioden 1959–1962 budde ho i Bergen, der ho underviste i song, kordireksjon og klaver ved Bergen lærerskole. I 1962 song ho rolla som Constanze i operaen Bortførelsen frå Seraillet ved den dåverande Operaskolen i Bergen.

I 1962 flytta ho frå Bergen til Trondheim og vart knytt til seg den nystarta musikkundervisinga ved Noregs lærarhøgskule. Ho heldt fram å arbeida ved Musikkvitenskapelig institutt, seinare Institutt for musikk, ved NTNU, til ho gjekk av for aldersgrensa i 2005 som fyrsteamanuenis. Ho underviste i kordirigering, song og musikktolking.

I fleire år (1965–1972) var ho domorganist Ludvig Nielsens «høgre hand» i Nidarosdomen.[8]

Norunn Illevold Giske er mor til politikaren Trond Giske og musikaren Mari Giske.

Kor[endre | endre wikiteksten]

Norunn Illevold Giske starta sitt fyrste kor i 1966, då Trondheim Symfoniorkester (TSO) trong eit lokalt kor til sine operaproduksjonar. Dette vart starten på TSO-koret, som vart avvikla i 1997.[9]

I 1976 stifta ho «Norunn Illevold Giskes Kor», med songarar frå Norges lærerhøgskole. Året etter skiftet dei namn til «Trondheim Kammerkor».[9] Koret eksisterte i 34 år og vann fleire internasjonale prisar, blant anna fyrstepris for blandakor i Franz Schuberts korkonkurranse i Wien og Montreux Choral Festival. Koret gav òg ut seks plater. I 2011 heldt koret avskjedskonsert.[10]

Seinare starta ho Det Norske Mannskor, og i 1994 Damekoret Embla, som ho sjølv dirigerte til 2020. Då slutta ho etter eige ønske som dirigenten til koret, 85 år gammal. Koret har vunne ei rekkje internasjonale prisar.[11]

Giske har organisert og innstudert kor for TSO i 44 år, frå 1966 til 2010. Etter at TSO-koret vart avvikla i 1997, danna dei tre kora til Giske Embla, Trondheim Kammerkor og Det Norske Mannskoret grunnstammen i kora som medverka ved operaoppsettingane og dei andre store vokalverka TSO framførte fram til 2010.

Ho har delteke på fleire plateutgjevingar, både som utøvande musikar og som dirigent.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2011: Æresmedlem i Ringve Museums Venner.[12]
  • 2011: Æresmedlem i Trondheim Kammermusikalske Selskap[13]
  • 2010: Æresmedlem i Norges Korforbund[14]
  • 2006: Korprisen frå Norges Korforbund[14]
  • 2006: Alle-kan-synge-prisen[15]
  • 2005: Kongens fortenestemedalje i gull[16]
  • 2001: DrivHuset Olavshallen AS' kulturpris
  • 1999: Trondheim kommunes kulturpris[17]
  • 1997: Adresseavisens hedersrose[18]
  • 1995: Æresmedlem i FONOKO (Foreningen norske kordirigenter)[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gratulerer». I: Adresseavisen 22. april 2005, s. 11
  2. 85 års omtale i Aftenposten 22. april 2020
  3. Horg, Beate (2. mars 2004) «Ti år med sang og klang». I: Universitetsavisa
  4. Nergård, Halldis (24. april 2005) «Norunns overraskelseskveld». Adresseavisen
  5. Sande, Bård (2015)
  6. 6,0 6,1 Michelsen (1979)
  7. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 21. november 2021 
  8. «Norunn Illevold Giske fyller 80 år». kor.no. Henta 31. mars 2021. [daud lenke]
  9. 9,0 9,1 Nordstrand, Jan (2002) «Preger trøndersk kormiljø». I: Adresseavisen, 14. desember 2002, s. 26
  10. Hagen, Audun H.M. (2011) «Følelsesladet kor-avskjed». I: Adresseavisen 12. desember 2011, del 2, s. 3
  11. Havdal, Kjersti (3. desember 2015). «O jul med din glede!». Adresseavisen: 9. «Samme måned vant damekoret Embla tre kategorier i den internasjonale korkonkurransen «Canta al mar» i Calella og i Barcelona.» 
  12. «Nye æresmedlemmer i venneforeningen» I: Ringve-nytt, 2011, årg. 24, nr. 58
  13. Dugstad (2011)
  14. 14,0 14,1 Norges Korforbunds omtale av æresmedlemmer og Korprisen Arkivert 7. april 2014 på Wayback Machine. (Besøkt 6. april 2014)
  15. Ballade.nos omtale av tildelingen av Alle-kan-synge-prisen Arkivert 25. mai 2014 på Wayback Machine. (Besøkt 6. april 2014)
  16. «Tildelinger av ordener og medaljer», www.kongehuset.no (på norsk), henta 21. november 2021 
  17. Fossbakken, Erlend (10. januar 2000) «Glad og rørt kulturprisvinner»Adresseavisen
  18. 18,0 18,1 Damekoret Emblas nettsted Arkivert 30. april 2015 på Wayback Machine. (Besøkt 22. april 2015)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dugstad, Jorunn. «Norunn Illevold Giske – årets æresmedlem». Kammertoner. 12 (4): 6–7. 
  • Giske, Norunn Illevold (1987). Korsang – en glede for mange. Musikklidenskapelig. Oslo: Solum. s. 37–40. ISBN 8256004754.  (e-bok fra bokhylla.no)
  • Michelsen, Kari (red.) (1979). Frostmann–Jolson. Cappelens musikkleksikon. Oslo. s. 94. ISBN 8202036860.  (e-bok fra bokhylla.no)
  • Sande, Bård. «Moder kor fyller 80». Adresseavisen: 32. 
  • Syrstad, Øystein. «'Mor' Norunn og Embla-jentene». Korbladet (6): 6–7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Norunn Illevold Giske