Norvegiaodden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norvegiaodden
nes
Land  Bouvetøya
Koordinatar 54°26′02″S 3°17′27″E / 54.433803°S 3.290956°E / -54.433803; 3.290956
Kart
Norvegiaodden
54°27′S 3°21′E / 54.45°S 3.35°E / -54.45; 3.35

Norvegiaodden er eit nes på Bouvetøya som ligg 2 nautiske mil (3,7 km) sør for Kapp Circoncision vest på øya. Det vart først grovt kartlagt frå «Valdivia» i 1898 av den tyske ekspedisjonen under Karl Chun. Det vart kartlagt på ny i desember 1927 av den første Norvegiaekspedisjonen under kaptein Harald Horntvedt. Det vart namngjeve av Horntvedt etter ekspedisjonsskipet hans, «Norvegia». Bennskjera ligg like vest for odden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Norvegia Point» (innhald frå Geographic Names Information System).