Norwegian Air Shuttle
Treng oppdatering |
| Norwegian Air Shuttle | |||
| | |||
| | |||
| Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 965920358 | ||
| Skipa | 22. januar 1993 | ||
| Morselskap | Bank Norwegian | ||
| Dotterselskap | Norwegian Air UK, Bank Norwegian | ||
| Hovudkontor | Fornebu | ||
| Land | Noreg | ||
| Tenester | Boeing 737 Next Generation | ||
| Grunnleggjar(ar) | Bjørn Kjos | ||
| Adm.dir. | Geir Karlsen | ||
| Salsinntekter | 1 502 300 000 norsk krone (2022)[1] | ||
| Omsetnad | 1 502 300 000 norsk krone (2022)[1] | ||
| Resultat | 1 005 500 000 norsk krone (2022)[1] | ||
| Nettstad | https://www.norwegian.com/ (engelsk), https://www.norwegian.no/ (bokmål) | ||


Norwegian Air Shuttle ASA OSE: NAS er eit flyselskap som driv med lågprisflyging i Noreg og Europa. Norwegian har den administrative basen sin på Fornebu, den tekniske basen i Stavanger og den operative basen i Bergen og Oslo. Alle flya er måla med raud nase og ulike norske «heltar» på halen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Flyselskapet vart etablert i 1993, etter at Busy Bee gjekk konkurs, og spesialiserte seg på å vere operatør for Braathens SAFE på Vestlandet med Fokker 50. Hausten 2002 tok Norwegian opp konkurransen med SAS Braathens på innanriksflygingar i Noreg. Frå 1. september 2002 vart verksemda endra til eit lågprisselskap, og hovudfokuset er no å tilby lågprisflygingar med Boeing 737.
I dag er Norwegian eit lågprisflyselskap med norske, europeiske og oversjøiske ruter. Norwegian har om lag 3000 tilsette og 91 fly av typen Boeing 737-800 med 186/189 sete, dei har òg nokre Boeing 787-8 med 291 sete. Norwegian har tinga til saman 91 fly av typen Boeing 737-800, 18 fly av typen Boeing 737 Max 8, i tillegg til åtte fly av typen Boeing 787-8 og 29 Boeing 787-9. Norwegian har og bestillingar på den nye a321LR fra Airbus. Selskapet har om lag 50 prosent marknadsdel på dei rutene dei flyg i Noreg. Norwegian tilbyr totalt 382 ruter til 121 destinasjonar i 32 land i 4 verdsdelar.
Destinasjonar
[endre | endre wikiteksten]Sjå eigen artikkel: Norwegian Air Shuttle destinasjonar

Flyflåte[2]
[endre | endre wikiteksten]| Type | Antall | Ordre | Merknad |
|---|---|---|---|
| Boeing 737-800 | 91 | - | Alle har fabrikk-monterte winglets. |
| Boeing 737 max 8 | 18 | 92 | Satt på bakken. |
| Boeing 787-8 | 8 | - | |
| Boeing 787-9 | 29 | 5 | |
| Airbus a321LR | - | 30 | |
| Total | 146 | 127 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Norwegian Air Shuttle ASA Fourth quarter 2022 financial report» (PDF) (på engelsk). Norwegian Air Shuttle. 3. mars 2023. s. 23. Henta 3. mars 2023.
- ↑ «Norwegian Air Shuttle». Wikipedia (på engelsk). 9. februar 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Norwegian si heimeside Arkivert 2015-04-04 ved Wayback Machine.
- Rutekart Arkivert 2012-04-05 ved Wayback Machine.
- (en)Oppdatert bakgrunnsstoff om Norwegian og flya deira