Norwegian Air Shuttle
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Norwegian Air Shuttle | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | allmennaksjeselskap ![]() |
---|---|
Org.nr. | 965 920 358 |
Skipa | 22. januar 1993 |
Dotterselskap | Norwegian Long Haul, Norwegian Air International, Norwegian Air UK, Norwegian Air Argentina, Norwegian Air Norway, Norwegian Air Sweden, Norwegian Reward, Bank Norwegian ![]() |
Bransje | Q112165870 |
Tenester | Airbus A320neo-familien, Boeing 737 Classic, Boeing 737 Next Generation, Boeing 737 MAX, Boeing 787 ![]() |
Land | Noreg ![]() |
Hovudkontor | Fornebu ![]() |
Grunnleggjar | Bjørn Kjos |
Adm. direktør | Geir Karlsen |
Nettstad | http://www.norwegian.com |


Norwegian Air Shuttle ASA OSE: NAS er eit flyselskap som driv med lågprisflyging i Noreg og Europa. Norwegian har den administrative basen sin på Fornebu, den tekniske basen i Stavanger og den operative basen i Bergen og Oslo. Alle flya er måla med raud nase og ulike norske «heltar» på halen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Flyselskapet vart etablert i 1993, etter at Busy Bee gjekk konkurs, og spesialiserte seg på å vere operatør for Braathens SAFE på Vestlandet med Fokker 50. Hausten 2002 tok Norwegian opp konkurransen med SAS Braathens på innanriksflygingar i Noreg. Frå 1. september 2002 vart verksemda endra til eit lågprisselskap, og hovudfokuset er no å tilby lågprisflygingar med Boeing 737.
I dag er Norwegian eit lågprisflyselskap med norske, europeiske og oversjøiske ruter. Norwegian har om lag 3000 tilsette og 91 fly av typen Boeing 737-800 med 186/189 sete, dei har òg nokre Boeing 787-8 med 291 sete. Norwegian har tinga til saman 91 fly av typen Boeing 737-800, 18 fly av typen Boeing 737 Max 8, i tillegg til åtte fly av typen Boeing 787-8 og 29 Boeing 787-9. Norwegian har og bestillingar på den nye a321LR fra Airbus. Selskapet har om lag 50 prosent marknadsdel på dei rutene dei flyg i Noreg. Norwegian tilbyr totalt 382 ruter til 121 destinasjonar i 32 land i 4 verdsdelar.
Destinasjonar[endre | endre wikiteksten]
Sjå eigen artikkel: Norwegian Air Shuttle destinasjonar

Flyflåte[1][endre | endre wikiteksten]
Type | Antall | Ordre | Merknad |
---|---|---|---|
Boeing 737-800 | 91 | - | Alle har fabrikk-monterte winglets. |
Boeing 737 max 8 | 18 | 92 | Satt på bakken. |
Boeing 787-8 | 8 | - | |
Boeing 787-9 | 29 | 5 | |
Airbus a321LR | - | 30 | |
Total | 146 | 127 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Norwegian Air Shuttle». Wikipedia (på engelsk). 9. februar 2020.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Norwegian si heimeside Arkivert 2015-04-04 ved Wayback Machine.
- Rutekart Arkivert 2012-04-05 ved Wayback Machine.
- (en)Oppdatert bakgrunnsstoff om Norwegian og flya deira