Noshaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noshaq

Noshaq er eit 7 492 moh høgt fjell på grensa mellom Afghanistan og Pakistan. Fjelltoppen er det nest høgste frittståande fjellet i Hindu Kush-fjella, einast Tirich Mir ragar høgre.

Noshaq ligg mellom Badakhshan-provinsen i Afghanistan og Chitral-distriktet i Khyber Pakhtunkhwa i Pakistan. Nord- og vestsidene vender mot Afghanistan medan sør- og austsidene er i Pakistan. Noshaq er den høgste fjelltoppen i Afghanistan og i det nordaustre hjørnet av landet langs Durand-linje, grenselinja mot Pakistan. Det er det vestlegaste 7000-meter-fjellet på jordkloten. Enklaste tilkomst til Noshaq er frå Chitral i Pakistan.

Japanesarane Toshiaki Sakai og Goro Iwatsubo nådde toppen som dei fyrste i 1960. Dei klatra opp søraustegga frå Qadzi Deh-breen. Normalrute går i dag langs vestegga. Dei polske klatrarane Andrzej Zawada og Tadeusz Piotrowski stod i 1973 for den fyrste vinterbestiginga. Det var fyrste gongen nokon kleiv til topps vinterstid på eit fjell høgre enn 7 000 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]