Noto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noto

Noto er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har over 24 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 551 km². Byen Noto ligg 35 km sørvest for provinshovudstaden Siracusa, på sørskråningane av fjellkjeda Monti Iblei.

Dei fleste ibuarane arbeider i landbruket, industrien og med turisme.

Dagens by vart grunnlagd i 1703, sør for det gamle Noto som vart lagd i ruinar av eit jordskjelv i 1693. Noto er ein av dei seinbarokke byane i Val di Noto som er med på UNESCO si verdsavliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]