Noureddine Morceli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noureddine Morceli


Statsborgarskap Algerie
Fødd 28. februar 1970 (54 år)
Ténès
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

L'Équipe Champion of Champions

Noureddine Morceli (fødd 28. februar 1970) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar frå டடChlef-provinsenஞஞ som vart verdsmeister på 1500 meter tre gongar på rad i tida 1991-95 og vart olympisk meister på same disstansen i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Morceli sette i Sevilla 28. februar 1991 ny verdsrekord innandørs på spesialdistansen 1500 m med tida 3.34,16. Ni dagar etter vann han innandørs-VM på same arenaen. Ved VM i friidrett 1991 i Tokyo var han storfavoritt, og innfridde med meisterskapsrekord og to sekundars margin til andremann. Morceli var også favoritt til å vinne 1500 meter under OL 1992 i Barcelona, men måtte nøye seg med ein sjuandeplass. Nokre veker etter sommarleikane sette han verdsrekord på 1500 meter med tida 3.28,86.

Ved friidretts-VM 1993 i Stuttgart forsvarte Morceli meistertittelen på 1500 meter, og utklassa konkurrentene med ein sluttrunde på 50,6 sekundar. Same sesongen sette han verdsrekord på ei engelsk mil med tida 3.44,39. I 1994 sprang han 3000 meter på 7.25,11, også det verdsrekord. Sommaren 1995 forbetra han Saïd Aouita sin verdsrekord på 2000 meter til 4.47,88, deretter gjorde han den 12. juli i Nice unna sitt livs beste 1500 meter og flytta dermed sin eigen verdsrekord til 3.27,37. Under friidretts-VM i Göteborg vann han sin tredje VM-tittel på rad på 1500 meter, også då på suverent vis.

Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta var Morceli nok ein gong favoritt til å vinne gull på favorittdistansen. Etter at sterkaste konkurrenten, Hicham El Guerrouj, fall i svingen ein runde før mål, vann Morceli føre spanske Fermín Cacho. Året etter hamna Morceli på fjerdeplassen på 1500 m ved 1997-VM i Aten. Han deltok også i friidretts-VM 1999 i Sevilla, og braut finalen på sisterunden, medan han under OL 2000 i Sydney gav opp i semifinalen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]