Nouria Mérah-Benida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nouria Mérah-Benida
Statsborgarskap Algerie
Fødd 19. oktober 1970
Alger
Idrett friidrett
Yrke mellomdistanseløper

Nouria Merah-Benida (fødd 19. oktober 1970) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar frå Alger som vart olympisk meister på 1500 meter i 2000.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1999 tok Merah-Benida sølvmedaljane på 800 m og 1500 m då afrikaleikane fann stad i Johannesburg. OL-sesongen 2000 vart ho nummer ein på 1500 m og to på 800 m ved afrikameisterskapen heime i Alger. Få veker seinare sette ho personleg rekord på 1500 m med tida 3.59,1 i eit stemne i Monaco. Likevel var det ei overrasking at ho under sommarleikane 2000 i Sydney skulle gå avstad å vinne gullmedaljen på 1500 m, hårfint framom rumenarane Violeta Szekely på sølvplass og Gabriela Szabo. Etter 2001 tevla ho lite, men kom tilbake i 2006 og vart på Mauritius afrikameister på 1500 meter for andre gong, 35 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i forsøka på 800 m (2.02,44 =nr 23)
  • VM 1997 i Aten: Utslått i forsøka på 1500 m (4.12,2 =nr 29)
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøka på 1500 m (4.08,9 =nr 19)
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 1500 m – 4.05,10, framom Violeta Szekely (4.05,15)
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i forsøka på 1500 m (4.15,0 =nr 24)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]