Novaja Semlja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novaja Semlja

Novaja Semlja (russisk Новая Земля - Novaja Zemlja, tyder «Det nye landet», nederlandsk Nova Zembla, norsk Gåselandet) er ei øygruppe i Nordishavet nord i Russland og heilt nordaust i Europa ved Kapp Zjelanija. Øygruppa er administrert av Arkhangelsk oblast. Etter ei folketeljing i 2002 hadde ho 2716 innbyggjarar, der 2622 innbyggjarar bur i Belusjia Guba, ein landsby som fungerer som det administrative senteret på øygruppa. Av innfødde folk bur om lag 100 nenetsarar på øya[1], som hovudsakleg livnærer seg av fiske, fangst, jakt på isbjørn og sel.[2]

Novaja Semlja består av to store øyar, med det smale Matotsjkinsundet i mellom, og fleire mindre øyar. Dei to store øyane Severnyj (nord) og Juzjnyj (sør). Novaja Semlja skil Barentshavet i vest frå Karahavet i aust. Det totale arealet til øyane er 90 650 km².

Sidan Novaja Semlja var eit sensitivt militærområde under den kalde krigen og det russiske luftvåpenet er framleis på flybasen Rogatsjevo sør på øya. Flya her vart hovudsakleg berre nytta til avskjeringsoppdrag for det nærliggande atomprøvesprengingsområdet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Novaja Semlja er den nordlegaste delen av Uralfjella[3] og dei indre områda fjellkledde.[4] Mellom øygruppa og fastlandet ligg Karasundet.[4] Det høgaste fjellet er 1547 meter over havet.[5] Den nordlege øya har mange isbrear, medan den sørlege har tundraklima.[2] Av naturressursar på øya finn ein kopar, bly og sink.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til testområdet
Testområda på Novaja Semlja

Russarane kjende til Novaja Semlja alt på 1000-talet, då kjøpmenn frå Novgorod vitja området.[4] Vesteuropearane oppdaga øya då dei leita etter Nordaustpassasjen på 1500-talet, [4] og den første vesteuropearen som vitja ho var Hugh Willoughby i 1553.[4] Den nederlandske oppdagaren Willem Barents nådde vestkysten av Novaja Semlja i 1594, og under ein seinare ekspedisjon runda han i 1596 øygruppa i nord og overvintra på nordaustkysten.[6] Barents omkom under denne ekspedisjonen og kan ha vorte gravlagd nord på øya[7]) Under reisa til Fjodor Liitke i 1821–1824 vart vestkysten var kartlagd.[4] Henry Hudson var ein annan oppdagar som passerte Novaja Zemlja medan han leita etter Nordaustpassasjen.[8]

Øyane vart systematisk kartlagd av Pjotr Pakhtusov og Avgust Tsivolko tidleg i 1830-åra. Den første permanente busetnaden vart oppretta i 1870 ved Malje Karmakuly, som fungerte som hovudstad på Novaja Zemlja fram til 1926. Seinare vart det administrative senteret flytta til Belusjia Guba [9].

Små grupper med nenetsarar slo seg ned att på Novaja Zemlja i 1870-åra etter at russarane inviterte dei dit for å halde nordmennene borte. Denne folkesetnaden på om lag 1500 menneske vart flytta i 1950-åra då atomprøvespreningane starta.[10][11][12]

Atomprøvespreningar[endre | endre wikiteksten]

I juli 1954 vart Novaja Semlja erklært eit område for atomprøvesprengingar og bygginga av anlegget starta i oktober.[13] og eksisterte gjennom det meste av den kalde krigen. «Sone A», Tsjornaja Guba (70°42′N 54°36′E), vart nytta i 1955–1962 og 1972–1975.[13] «Sone B», Matotsjkin Sjar (73°24′N 54°54′E) vart nytta for underjordiske testar i 1964–1990.[13] Sone C, Sukhoj Nos (73°42′N 54°0′E), vart nytta i 1958–1961 og var åstad for Tsar Bomba i 1961, ein rekordstor eksplosjon på 50 megatonn i atmosfæren.[13] Andre testar vart utført andre stader på øyane og det offisielle testområdet dekte halvparten av landområdet.

I 1963 vart det avgrensa testforbodet innført som forbaud dei fleste prøvespreningar i atmosfæren.[14] Den største underjordiske testen på Novaja Semlja fann stad 12. september 1973 og involverte fire atombomber med ein samla styrke på 4,2 megatonn. Sjølv om krafta var langt mindre enn Tsar Bomba og andre atmosfæriske testar, førte eksplosjonen under bakken til trykkbølgjer like kraftige som naturlege jordskjelv. Eksplosjonen i 1973 målte 6,97 på Richterskalaen og starta eit ras som flytta 80 tonn med massar som blokkerte to breelvar og danna ein 2 km lang innsjø.[14]

Totalt vart det utført 224 atomprøvespreningar på Novaja Semlja med ein total eksplosiv energi som tilsvara 265 megatonn TNT.[13] Til samanlikning er alle eksplosivane nytta under den andre verdskrigen, inkludert dei to amerikanske atombombene, estimert til berre to megatonn.[14]

I 1988-1989 førte glasnost til atomprøvespreningsområdet på Novaja Zemlja vart offentleg kjend,[13] og i 1990 utførte Greenpeace-aktivistar ein protest på øya.[15] Den siste atomprøvespreningar vart utført i 1990. Dette var òg den siste som vart utført i Sovjetunionen og Russland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www-ns.iaea.org/downloads/rw/waste-safety/north-test-site-final.pdf Innbyggjarar
  2. 2,0 2,1 2,2 The Columbia Encyclopedia, 6. utg.. Vitja 15. august 2008.
  3. Novaya Zemlya, Northern Russia. NASA. Vitja 15. august 2008.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Encyclopaedia Britannica (11. utgåve) (1911). Vitja 15. august 2008.
  5. Russiske militærkart. Det høgaste punktet ligg ved 75°10′N 57°50′E
  6. Peter Whitfield (1998) New Found Lands: Maps in the History of Exploration – Routledge, Storbritannia. ISBN 0-415-92026-4.
  7. "Search for Barents: Evaluation of Possible Burial Sites on North Novaya Zemlya, Russia", Jaapjan J. Zeeberg et al, Arctic Vol. 55, No. 4 (Desember 2002) s. 329–338
  8. Henry Hudson in: Microsoft Encarta Online Encyclopedia 2006. Vitja 15. august 2008.
  9. Nyhende frå Arkhangelsk oblast
  10. Nenetsarar, Arctic Network for the Support of the Indigenous Peoples of the Russian Arctic
  11. Nenetsarane, The Red Book of the Peoples of the Russian Empire
  12. Greenpeace
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 Vitalyj I. Khalturin, Tatiana G. Rautian; Paul G. Richards; William S. Leith (2005) «A Review of Nuclear Testing by the Soviet Union at Novaya Zemlya, 1955–1990» – Science and Global Security, bind 13, s. 1–42.
  14. 14,0 14,1 14,2 Sara Pratt (28. november 2005). Frozen in Time: A Cold War Relic Gives up its Secrets. Lamont-Doherty Earth Observatory, Columbia University. Vitja 15. august 2008.
  15. The early history of Greenpeace Russia. Greenpeace Russia. Vitja 15. august 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Novaja Semlja