Novella Margit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Margit er ei novelle av Ingeborg Refling Hagen, som opnar debutsamlinga hennar, Når elv skifter leie.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Novella skildrar samlivet mellom Petter Meisbinder (Petter Spelemann), og Margit Nordgarden, og dei utfordringane dei møter i livet. Petter var opphavleg spelemann, og kjent for å ta del i bygdefestar på ymse vis. Mellom anna hadde han vore i slagsmål og drege kniv. Margit var av «læsarom» (Hauge-rørsla), og difor sett ned på av dei andre i bygda. Trass i det ville livet sitt, var det Margit Petter ville ha. For å få ho, lyt han lova å aldri spela til dans meir, aldri drikke og aldri slost. Dette går han med på, og blir sidan heitande «Petter Meisbinder». Etter giftarmålet spelar han for det meste salmetonar og lydarslåttar.

Saman får dei fire born, men lever i usle kår på plassen Elvebakken. Klimakset i novella kjem når difterien kjem til bygda, og to av borna deira døyr ei natt Margit strevar einsam medan Petter hentar doktor. Margit får ei krise som er svært dramatisk skildra. Men novella tonar ut i nye voner, sjølv om det er tydeleg av Margit er klenhelsa. Siste replikk i boka er «det er våren, Margit. Det er våren som teje.»

Historisk tilvising[endre | endre wikiteksten]

Petter Meisbinder budde og levde livet sitt på Tangen. Han skal ha døydd der i 1915, og kom opphavleg frå Romedal. Ingeborg Refling Hagen skildra eit par ho hadde opplevd som barn. I ei seinare bok kjem det fram at Margit døydde tidleg, og at Petter sat enkjemann i fleire år. Kåra til haugianarane, som ofte vart hundsa av «vanlege bygdefolk», er eit tydeleg emne i forteljinga, og sameleis i skillingsvisa «Tullingen», som handlar om eit av dei borna Petter og Margit miste i difteri-farangen.