Novella Svartsnær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Svartsnær» er ei novelle skriven av Ingeborg Refling Hagen i 1921. Svartsnær er og tittel på heile novellesamlinga, som inneheld fire noveller i alt. Tittelnovella er den lengste. Forteljinga tek namnet frå fenomenet Svartsnær, og spelar på at hovudpersonen nærast vert dregen under i ei rad hendingar ho ikkje kan rå med.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Novella handlar om ei jente, Gunhild Gunhildstua, som er fødd utanfor ekteskap i små kår, på ein vesal plass. Mora, som og heiter Gunhild, kan ikkje fø ho, og lid av tæring. Difor vert Gunhild send på legd til ein storgard i bygda. Novella skildrar alle redslene den vesle jenta lyt døyve på denne garden fram til ho er i konfirmasjonsalderen, korleis ho vert mishandla og tidvis mobba av gardjenta Oliv. I denne tida får ho ein einaste ven, tenestejenta Brite, som rømer i trass av di Gunhild vert sverta til det yste.

Det einaste som held Gunhild oppe i desse åra, er kjennskapen til sin eigen kulturelle arv, eventyr og folkeviser. Når røyndomen blir for hard, søkjer ho trøyst i desse eventyra, og vinn styrke der. Frå ho var lita, har ho drøymt om at ein mann ho kallar «kongen» skal koma å hente ho heim til slottet sitt, av di ho trur ho er ei bortsett kongedotter (mest som oskepott). Denne «kongen» er i røynda presten i bygda, som berga ho då ho mest kom under hesten hans då ho var småjente.

Gjennom forteljinga vert Gunhild vonbroten gong på gong, og alle dei vonene ho lever for, svik ho. Mora døyr, «kongen» kjenner ho ikkje att når han endeleg kjem, av di ho er større enn ho var då ho først såg han, og alle andre voner brest for ho. Mykje av grunnen til at desse vonene slitnar er at storgarden eig så mykje makt i bygda at sjølv den nye presten ikkje vågar gå mellom når kjerringa krev at Gunhild skal lide under pisken. Sistpå er det berre ei von att i Gunhild, at barndomsheimen enno står der, og ho rømer frå garden og heimatt til Gunhildstua. Her søkjer ho endeleg livd og ly i eventyra. Når mannen frå fattigkassa kjem på vitjing, møter han ei jente som ser ut til å ha mist vitet.

Seinare bruk[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Refling Hagen nytta soga omatt i Livsfrisen, og klårgjer her tematikken i novella noko, ved å vise til bibelsitatet «Ve han som vinn heile verda, men skar sjela si». Gunhild har varda om sjela si heile vegen, og endeleg sleppt verda heilt. Prisen er at verda ser ho som ubrukeleg eller galen.